Tre brannfolk skadd då brannbil køyrde utfor

HARD MEDFART: Brannbilen har fått hard medfart i utforkøyringa.

HARD MEDFART: Brannbilen har fått hard medfart i utforkøyringa. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Brannbil vart totalvraka på ulykkesutsett veg.

DEL

Ein brannbil køyrde av vegen på Sletten, mellom Myking og Vågseidet, i Lindås kommune klokka 12.08 i dag.

Tre brannfolk vart skadd i utforkøyringa. Desse er frakta til Haukeland Universitetssjukehus, men det skal vera snakk om mindre kuttskader.

Brannfolka var alle bevisste, og kom seg ut av brannbilen på eiga hand.

Brannbilen har derimot fått skikkeleg hard medfart som følge av utforkøyringa.

Brannbilen med mannskap var på veg for å hindra brann i samband med at eit tre hadde velta oppå ein straumleidning.

Denne meldinga kom klokka 11.48, og fleire bilar vart send mot staden. Ein av desse nådde altså ikkje fram.

I følgje lokale folk Nh har snakka med på staden er det slett ikkje første gongen bilar har køyrt utfor på akkurat denne plassen.

Mellom anna var det akkurat her ein brødbil køyrde utfor i oktober 2012.

Artikkeltags