No er rapporten etter massekollisjonen klar

60 bilar var involvert i massekollisjon på det glatte føret i Eidsvåg i februar 2016.

60 bilar var involvert i massekollisjon på det glatte føret i Eidsvåg i februar 2016. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Den 22. februar i fjor gjekk det skikkeleg gale på E39 i Åsane. No har Statens havarikommisjon for transport komme fram til kva som blei gjort feil.

DEL

22. februar 2016 oppstod det ein kjedekollisjon på E39 i Åsane.

Rundt 60 køyretøy var involvert i hendinga, og 45 køyretøy fekk større eller mindre materielle skader. Totalt blei ti personar påført lettare skader i samband med ulykka.

Ulykka skjedde som følge av rask isdanning på vegbana som var lite synleg for trafikantane, ifølge rapporten.

Undersøkinga har vist at vêromslag, med oppklaring av skydekket og eit etterfølgande fall i vegbanetemperaturen, medførte at væska fraus til is i løpet av kort tid.

Onsdag morgon melder Statens havarikommisjon for transport (SHT) at den endelege ulykkesrapporten er klar, melder BA.

– Det var ein krevjande vêrtype i bergensområdet natta og tidleg morgon 22. februar 2016. Med regn, sludd og snøbyger etterfølgd av oppklaring i skydekket og nedkjøling av vegoverflata, skriv kommisjonen i rapporten.

Vêrendringane var varsla og entreprenøren hadde registrert dette. Det blei planlagt og gjennomført tiltak i form av salting, men tiltaket hadde ikkje ønska effekt, ifølge havarikommisjonen.

– SHT meiner at årsaka til kjedekollisjonen er veg- og føreforholda på ulykkestidspunktet.

Trafikantane blei ikkje varsla

Undersøkinga har avdekka fleire faktorar som havarikommisjonen meiner var til stades i hendingsgangen for kjedekollisjonen på E39 utanfor Bergen:

  • Då ulykka inntrefte var det eit tynt islag på vegbana, og politiets bilde frå ulykkesstaden tatt ei tid etter hendinga viser tydeleg isdanning i alle køyrefelt.
     
  • Dei involverte trafikantane som hadde ei forventning om bar veg, klarte ikkje å identifisere at vegen etter Eidsvågtunnelen var dekka av is.
     
  • Trafikantane blei ikkje varsla om avviket i friksjonsforholda.

Saka held fram under bildet:

  • Vêrendringa med oppklaring av skydekket medførte utstråling frå vegdekket med etterfølgande is- og rimdanning på strekningen. Dette skjedde i løpet av minutt.
     
  • Vegbanetemperaturen heldt seg under 0 °C etter siste nedbørsperiode.
     
  • Det blei ikkje utført saltingstiltak av driftsansvarleg entreprenør på ulykkesstrekningen dei siste 3,5 timane før ulykka inntrefte.
     
  • Restsaltmengda på vegoverflata frå tidlegare på natta var sannsynlegvis ikkje tilstrekkeleg for å hindre tilfrysing og isdanning på vegen då det klarna opp.

Fraus til is på minutt

Ifølge Havarikommisjonen stilte føreforholdet på staden høgare krav enn køyretøya sine eigenskapar, dekkutrusting og førarane sine ferdigheiter kunne verte forventa å meistre.

– SHT meiner at det ikkje var mogleg for trafikantane å skilje mellom ei islagt vegbane og våt vegbane på dette tidspunktet, og at utløysande faktor til kjedekollisjonen må vere vegforholda, skriv dei i rapporten.

Seint denne natta og tidleg på morgon hadde vêret endra seg med ei dreiing av vindretning, fall i lufttemperatur og oppklaring av skylaget.

Bakken fraus til is løpet av minutt, ifølge rapporten.

Arne Gotvassli fortalde til BA etter hendinga at han kom ut av Eidsvågtunnelen og såg at mange bilar hadde stoppa nede i bakken i Eidsvåg.

– Eg trykte inn bremsa, men det skjedde ingenting. Bilen sklei nedover og eg krasja først i autovernet. Den blei slengt ut i vegbana og krasjet inn i to bilar som allereie hadde stoppa i vegen, fortel han, og legg til:

– Det var ganske stressande å skil nedover vegen mens det krasja biler rundt meg på alle kantar.

Artikkeltags