Bossbilsjåfør vart utan førarkort etter smell med personbil

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ein bossbil og ein personbil kolliderte på E39 ved Ostereidet i 13-tida lørdag.

– Det er ikkje meldt om personskade, men det er store materielle skader på personbilen, opplyser vakthavande ved Politiet i Hordaland sin vaktsentral.

LES OGSÅ: Fekk melding om firmabil som dumpa mengder med boss i naturen

Føraren av bossbilen fekk førarkortet kverrsett.

– Dette vart gjort på bakgrunn av opplysningar som kom fram på staden, og saka vert følgd opp vidare.

Dei to bilane skal ha køyrd i kvar sin retning på E39.

LES OGSÅ: Mann mista lappen etter 112 km/t i 80-sona

Artikkeltags