Bil køyrde i fjellvegg i Lindås – 40 år gamal mann sendt til sjukehus

DEL

Naudetatane fekk tysdag ettermiddag, klokka 17.03 melding om ein bil som hadde kollidert i fjellveggen på Ostereidet i Lindås kommune.

Det var berre ein fører i bilen, og vedkommande kom seg ut av bilen.

Bilen skal ha køyrd rett fram i ein sving og ut av vegen på venstre side. Årsaka til ulukka er førebels ukjend.

Sjåføren er ein mann i 40-åra, han vart sendt til Haukeland etter ulykka.

Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, opplyser at det skal ha komme noko røyk frå bilen etter kollisjonen.

Førarkortet er tatt frå mannen og saka vert etterforska. Onsdag føremiddag har politiet ikkje fått avhørd mannen enno.

Artikkeltags