Ulykke på Nordhordlandsbrua

To bilar var involvert i ulykka, den eine køyrde inn i den andre bakfrå.

To bilar var involvert i ulykka, den eine køyrde inn i den andre bakfrå. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

OPPDATERT: Politet er no ferdig på staden, og vegen er opna, men det kan framleis vera litt kø.

– Det var ein ambulanse som kom til staden og meldte inn ulykka, fortel operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved politisentralen i Hordaland.

Ulykka skjedde om lag midt på det flate partiet av Nordhordlandsbrua.

– Totalt var det fem personar i bilane. I den eine var det to barn og ein vaksen, i den andre bilen var det to vaksne, seier han.

– Den eine vaksne er skadd i eit kne, og er tatt med frå staden i ambulanse. Bilane er fjerna av bilbergar, seier operasjonsleiaren.

Politiet melder om ein trafikkulykke på Nordhordlandsbrua.  Ulykka vart meld 17.50.

To bilar skal vera involvert i ein påkøyrsel bakfrå. Det er fem personar i bilane, alle skal vera bevisste.

Ambulanse er på staden, politiet er på veg, opplyser politiet i Hordaland på Twitter.

Lange køar i begge retningar.

Lange køar i begge retningar. Foto:

Det vart ein del materielle skadar på bilane. Fem personar var var involvert i ulykka.

Det vart ein del materielle skadar på bilane. Fem personar var var involvert i ulykka. Foto:

Artikkeltags