Færre mista livet i trafikken i 2017

Trafikkulykke mellom Romarheim og Vikanes, Little -Urdal. Ein person sat fastklemd og ein hund vart skadd i ulykka.

Trafikkulykke mellom Romarheim og Vikanes, Little -Urdal. Ein person sat fastklemd og ein hund vart skadd i ulykka. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Hordaland toppar statistikken over drepne i trafikken, sjølv om totalen går ned.

DEL

106 mista livet på norske vegar i 2017. Det er det lågaste talet på 70 år, og 29 færre enn i 2016. Over halvparten er menn over 45 år. 

Vegvesenets foreløpige tal viser at 76 menn og 30 kvinner omkom i trafikken i 2017. Det er 29 færre enn i 2016. Prognosane ligg på om lag 620 hardt skadde.

Seks har omkomme i juletrafikken, som reknast frå og med 23. desember til og med 2. januar.

– Sjølv om tendensen er at det er stadig tryggare på vegane, er dette langt meir enn tal og statistikk. Bak kvar einaste ulykke er det ei tragedie som rammar familie, venner, kollegaer og lokalsamfunn, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Det var flest dødsulykker i Hordaland (12) og Akershus (11), mens Aust-Agder (1) og Finnmark (2) har hatt færrast.

– Årsakene til dødsulykkene er fleire og samansette. Men eit markant trekk i 2017 er ein overrepresentasjon av godt vaksne menn med for stor fart som omkjem i møte- og utforkøyringsulykker. Over halvparten av alle omkomne er menn over 45 år, seier Gustavsen.

I fleire år har Norge vore eit av verdas beste trafikktryggleiksland med færrast drepne i trafikken per innbyggar og lågast dødsrisiko.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken