Samferdsledepartementet etablerte trafikksikkerheitsprisen Årets trafikksikkerheitskommune i fjor, og Austrheim og Lindås er altså den andre prisvinnaren i historia. Dei to kommunane delat prispengane på ein million kroner mellom seg.

Føremålet med prisen er å fremma lokalt trafikksikkerheitsarbeid, og å retta fokus på gode trafikksikkerheitsinitiativ lokalt.

LES OGSÅ: Sterk melding til Russ 2013: – Ver så snill, la oss sleppa og klippa deg ut av eit vrak

Prisen vart delt ut av politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet, Sigrid Brattabø Handegard, som understrekar at dette er ein veldig kjekk dag.

- Å kunne markera og trekka fram dei som set trafikksikkerheiten på dagsorden er godt. Det som vert gjort i Lindås, Austrheim og Nordhordland generelt er eit eksempel til etterfølge for andre, seier Brattabø Handegard til Nh.

I grunngjevinga frå juryen heiter det:

Austrheim kommune har saman med nabokommunen Lindås vist stor politisk vilje i arbeidet med trafikksikring i regionen. Dei to kommunane er ikkje berre opptekne av fysiske tiltak på vegnettet, men viser også pågangsmot og vilje til å gjennomføre gode haldningsskapande tiltak som er breitt forankra i kommunane. Austrheim og Lindås samarbeidar om trafikksikring på ein måte få andre kommunar får til.

LES OGSÅ: Fant død venn i denne bunken

Les meir om prisutdelinga i Nh onsdag.