Trafikkauken over Nordhordlands-brua held fram

STOR TRAFIKK: Trafikken over Nordhordlandsbrua held fram med å veksa. Men det er ingen planar om å korkje utvida brua eller å ta i bruk det tredje feltet som ligg der, per i dag.

STOR TRAFIKK: Trafikken over Nordhordlandsbrua held fram med å veksa. Men det er ingen planar om å korkje utvida brua eller å ta i bruk det tredje feltet som ligg der, per i dag. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Nesten 2000 fleire bilar køyrde kvar dag over brua i januar, enn kva det var i same månad for berre fem år sidan.

DEL

Trafikkveksten på vegane i Nordhordland held fram med uforminska styrke, men ei vegsatsing på dei store hovudvegane ligg framleis i det blå.

I januar i år passerte 14.221 bilar Nordhordlandsbrua kvar dag. 336 fleire bilar kvar dag enn same månad i 2012. Det er og 1919 fleire bilar enn same månad i 2008.

Som Nordhordland skreiv på laurdag er det behov for mange samferdsletiltak i Nordhordland, før vegane proppar seg heilt til.

– Firefelts er ikkje svaret på alt

Reglane til Statens vegvesen seier at om ein veg har meir enn 12.000 bilar i årsdøgntrafikk (ådt) så skal det byggjast firefeltsveg.

LES OGSÅ: Vil legga E39 i lokk

Nordhordlandsbrua nærmar seg no 16.000 i ådt, men det er ingen planar om å fleire felt på brua. Det er det heller ikkje over Flatøy i den næraste framtida, sjølv om vegen skal utvidast frå 12,5 til 17 meter for å gjera plass til midtelar.

Over Hagelsundbrua køyrde det i snitt 15.600 bilar kvar dag i 2012, men planlegginga av ny bru er ikkje ein gong byrja enno.

Sundag denne veka «avslørte» TV 2 at medan svenskane bygde 80 kilometer med ny motorveg i 2012, bygde Noreg berre 10 kilometer. Kanalen på Nøstet viste til at medan det i Noreg er samferdsleministeren som er med på avgjerdene om nye vegar, set svenskane vekk vegbygging og planlegging til byråkratane. Dei får pengar som vert fordelt i tolv-årsperiodar.

Sigrid Brattabø Handegard (Sp) er politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet, ho meiner at svaret er ikkje alltid å bygga firefeltsvegar.

– Det er ein for smal inngang til ein debatt å berre måla i antall kilometer med firefeltsvegar, meiner ho.

– Det handlar om å ta heile landet i bruk, å utnytta resursane og at folk skal få velja kvar dei vil bu. Mange plassar er det teneleg med tofeltsvegar ut frå folkesetnaden, seier ho.

– Treng meir utbygging

Ho understrekar at E39 er ein viktig veg for dei å prioritera.

– Eg kan ikkje uttala meg om dei konkrete planane i Nordhordland. Men på eit generelt grunnlag har denne regjeringa prioritert samferdsle, meiner ho.

LES OGSÅ: Fem hus må vekk for ny Haglsundbru

Handegard viser til at dei har auka løyvingane med 64 prosent i tida dei har vore i regjering.

– Me er det landet i Norden som brukar mest pengar til samferdsle, hevdar ho.

– Og den nye Nasjonal transportplan me legg fram i april vil visa at det vert ei ytterlegare prioritering av samferdsle, lovar Handegard.

Ho vil ikkje uttala seg om dei konkrete planane i Nordhordland, då ho ikkje kjenner til dei.

Men ho innrømmer at det er mogleg å få igjen meir for dei pengane dei i dag nyttar på samferdsle. Meir samanhengande utbygging og å koma raskare i gang er stikkorda.

Per i dag går det i snitt ni år frå planlegginga av eit nytt prosjekt startar til spaden vert sett i jorda fyrste gong.

– Kor mykje tid er det mogleg å kutta?

– På store prosjekt er ei halvvering av tida eit fornuftigt mål, seier ho.

Vil ha folk over på bussen

Men Handegard peikar på at det er ikkje berre nye vegar som skal til.

– Nordhordland er ein vekstregion, mykje tid og pengar går vekk i køståing. Kva vil skje framover?

– Det som er viktig er at ein ikkje berre legg til rette for at fleire skal køyra bil. Det er viktig å få på plass fleire kollektivløysingar som gjer at folk kan ta bussen, seier ho.

– Men så lenge det ikkje er snakk om konkrete planar om å utvida korkje Hagelsundbrua, vegen over Flatøy eller Nordhordlandsbrua, vil jo berre bussane stå fast i akkurat dei same køane som billistane?

– Det er ikkje tvil om at det er mange plassar er eit press på vegnettet, og me håpar utbygginga i Vågsbotn vil få noko å seia for flyten. Men det er eit behov for ytterlegare opprusting av vegnettet vårt for at folk og varer skal komma seg fram, seier ho.

LES OGSÅ: Får tunnel under skulen

Per i dag går den retningsgjevande grensa for å bygga firefeltsvegar ved ein ådt på 12.000 bilar. No vurderer regjeringa å kutta det til 8.000 bilar i ådt på enkelte strekker. Det betyr at strekker som vegen ved Alversund skule kan verta bygd om til fire felt i framtida. I 2012 var trafikken der på rundt 6700 bilar i ådt. Vert Nordhordlandspakka vedtatt er det ikkje utenkelig at ein vil passera 8.000 i ådt ved Alversund skule om berre nokre år.

– Det er eit behov for ytterlegare opprusting av vegnettet vårt. Folk skal komma seg på jobb og industrien skal fram, sluttar Brattebø.

Til hausten er det Stortingsval, og dei fleste meiningsmålingane set Høgre i førarsetet. Samferdslepolitisk talsmann for dei, og av fleire nemt som ein framtidig samferdsleminister, Øyvind Halleraker, seier at dei vil endra totalt på samferdslepolitikken om dei kjem til makta. Men dei naudsynte vegsatsingane i Nordhordland ligg enno langt fram i tid.

– Vegane i Nordhordland er langt frå gode nok. Og det som uroar oss er at den sitjande regjeringa held fast på på dette prognosegrunnlaget som aldri slår til. Når ein er ferdige med eit prosjekt, så er det alt akterutsegla, seier Høgres samferdslepolitiske talsmann, Øyvind Halleraker til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Tunnel Knarvik-Isdal i ny vegpakke

Halleraker seier at Høgre vil prosjektfinansiera utbygginga av norske vegar om dei kjem til makta.

Høgre vil ha OPS-utbygging

– Då vil vi ha eigne rammer for finansiering og prosjektering, med større grad av private innslag, seier han.

– Per i dag er ein avhengig av å få middlar kvart år over budsjettet og at det vert fulgt opp. Ein slik måte å gjera det er usikkert og gjer ei fordyrande verkning på prosjekta, hevdar han.

Halleraker meiner at dagens regjering ikkje tek inn over seg situasjonen i samferdsle-Noreg.

– Dei skryt av at dei brukar meir pengar enn tidlegare. Men kvifor tek dei ikkje inn over seg nye løysingar?, spør han.

Han viser og til at vedlikehaldsetterslept i Noreg er svært høgt.

– Det som overraskar meg er at folk flest, journalistar, trafikkantar og næringslivet ser problema godt. Men det gjer ikkje regjeringa sjølv. Dei sit framleis og skryt av tilstanden, hevdar han.

LES OGSÅ: Ikkje veg utan bompengar

Han meiner meir OPS-løysingar er vegen å gå.

– Det har gjeve store gevinstar tidlegare, og vil frigjera middel til andre prosjekt, slik at ein kan ta naudsynt opprusting av vegane, seier han.

Skal etablera vedlikehaldsfond

Tal som Statens vegvesen la fram i februar viste at det berre i Hordaland var eit vedlikehaldsetterslep på 6,5 milliardar kroner.

– Difor vil Høgre oppretta eit eige fond der avkastninga vil gå til å ta unna etterslepet, seier han.

Halleraker skisserer at det er nye prosjekt som skal OPS-finansierast, medan opprusting av vegar skal gå på vedlikehaldsfondet.

– Kan de då definera dykk vekk frå å bygga ut sårt tiltrengte vegar på eksisterande strekker, som E39 gjennom Nordhordland, ved å kalla det opprusting og ikkje nybygg?

– Nei. Det er ikkje kva du kallar barnet, men kva du får gjort som betyr noko. Eit prosjekt som den nye Sotra-brua er definert som eit nytt prosjekt, men det er og ei opprusting av eksisterande vegar, seier han.

Kvar

Januar 2012

Januar 2013

Endring

Nordhordlandsbrua

13.885

14.221

+ 336

Alversund skule

6266

6318

+ 55

Ostereidet*

2805

2938

+ 133

Romarheimsdalen

1229

1263

+ 34

Tala for Ostereidet er for februar i 2012 og 2013.

Artikkeltags