Ferjesambandet Leirvåg – Sløvåg er innstilt

Ferja MF «Melderskin» har tekniske problem.

DEL

Vegtrafikksentralen vest melder torsdag morgon at ferja på sambandet Leirvåg – Sløvåg er innstilt. Årsaka er tekniske problem.

Det er ein oljelekkasje i styremaskina.

– Oljen hamnar i ikkje på sjøen, forsikrar Inge Andre Utåker, regionsjef i Norled.

Utåker meiner det truleg er ein liten og enkel feil.

– Eg har tru på at vi er i gong igjen raskt, seier han.

Avisa Nordhordland var i kontakt med Norled klokka 10.40.

– Det har nettopp skjedd, så vi jobbar med saka akkurat no, seier regionsjefen til Avisa Nordhordland.

Avgangen frå Sløvåg klokka 10.45 er førebels innstilt. Det er uklart om fleire avgangar vert innstilt.

Oppdatering: Det vert normal drift i sambandet f.o.m avgang Leirvåg kl. 11:15

Artikkeltags