Gå til sidens hovedinnhold

Ferjesambandet Leirvåg - Sløvåg er innstilt

Artikkelen er over 2 år gammel

Ferja MF «Melderskin» har tekniske problem.

Vegtrafikksentralen vest melder torsdag morgon at ferja på sambandet Leirvåg - Sløvåg er innstilt. Årsaka er tekniske problem. Det er ein hjelpemotor som har svikta.

Det blir sett inn skyssbåt som følgjer ruteplanen med første avgang frå Sløvåg klokka 12.45.

Det er ikkje oppgitt noko tidspunkt for når ferja kan vere tilbake i rute.

– Vi bemannar Bjønefjord (i Sunnhordland) for å segle den nordover. Vi ser på moglegheit for reparasjon i tillegg. Det vil gå mange timar uansett, seier Norled til Avisa Nordhordland.

Les også

Dei har den mest utskjelte arbeidsplassen i Nordhordland

Kommentarer til denne saken