Speglglatte sidevegar: Her enda køyreturen for ein eldre mann

Denne bilen glei av vegen på Fløksand i Meland. Det skal ha gått bra med den eldre bilføraren.

Denne bilen glei av vegen på Fløksand i Meland. Det skal ha gått bra med den eldre bilføraren. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Underkjølt regn gjorde vegane speilglatte over heile Vestlandet tysdag morgon. Tysdag ettermiddag er det framleis glatt fleire stader.

DEL

Ein eldre mann prøvde i 11-tida tysdag føremiddag å køyre opp til eit hyttefelt på Fløksand i Meland, men dei speglglatte sidevegane i Meland fekk overtaket og bilen byrja å gli bakover før den enda utfor vegen.

– Det kom folk til ganske raskt som fekk han ut av bilen, seier Terje Fløysand til avisa Nordhordland. Han kom til ulykkesstaden kort tid etter ulykka.

Både måndag kveld og tysdag morgon vart det svært glatt fleire stader i Nordhordland og i Bergensområdet. I Veråsvegen i Lindås sklei eit vogntog av vegen måndag kveld.

Glatt over heile Vestlandet

Tysdag morgon åtvara både politi, brannvesen og vegtrafikksentralen mot  ekstremt glatte vegar over heile Vestlandet.

– Det er veldig glatte vegar over heile linja. Frå Dalane i Rogaland til Måløy i Sogn og Fjordane, sa vaktoperatør Ken Ove Holm ved Vegtrafikksentralen Vest til Bergens Tidende tysdag morgon.

Då avisa Nordhordland snakka med vegtrafikksentralen like før klokka eitt opplyste vaktoperatør Kathrina Kvale at det kom fleire meldingar om glatte vegar i Nordhordland i morgontimane.

– Men dei siste to timane har det vore stille, fortel ho.

Underkjølt regn

Det er likevel lurt å vere ekstra obs på at det framleis kan vere glatt rundt om.

– Generelt har det vore mykje glatte vegar i dag, så det er eigentleg rart vi ikkje har fått fleire telefonar frå Nordhordland. Men entreprenør har bilane sine ute, og det verkar som dei har klart å gjere ein god jobb.

Ifølge Kvale er det underkjølt regn som har gjort til at vegane har vore spesielt glatte tysdag.

– Det har skapt litt problem, særleg i indre strøk. Men no har det byrja å bli litt varmare ute, så det ser ut til å ha betra seg noko.

Artikkeltags