Bilulykke på Flatøy: Føraren sendt til legevakt

Skal ha køyrd utfor vegen og treft eit tre.

DEL

I 18-tida melde Vest politidistrikt om ei trafikkulykke ved rundkøyringa på Flatøy.

Ifølge politiet er det ein bil som har køyrd ut av vegen. Både politi, ambulanse og brannvesen vart sendt til staden.

Bilen står utanfor vegen og skal ha køyrd i eit tre. Politiet opplyser at førar av bilen blir køyrd til legevakt for sjekk.

Det var mykje trafikk på staden då ulykka skjedde, og det oppstod litt køar i etterkant.

Artikkeltags