Bil køyrde av vegen på E39

Ingen kom til skade, men politiet måtte dirigere trafikken på staden.

DEL

(BA): Klokka 10 opplyste Vest politidistrikt at ein bilist hadde køyrd av vegen på E39 i Lindås.

Uhellet skjedde på veststida av Mundalsbergtunnelen.

Ingen personar kom til skade, og det skal ikkje vere materielle skadar.

Bilbergar er på staden, og politiet dirigerer trafikken i området.

Har du tips til Avisa Nordhordland i trafikken? Send SMS med kodeord «NHTIPS» til 2005. Du kan også både ringe og skrive sms til vår vakttelefon 916 20 916.

Artikkeltags