Låg i 150 km/t over Nordhordlandsbrua med UP i hælane

To unge menn har mista lappen etter råkøyring på Nordhordlandsbrua i sommar.

To unge menn har mista lappen etter råkøyring på Nordhordlandsbrua i sommar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Denne sommaren har UP tatt fleire fartssyndarar enn nokon gong tidlegare.

DEL

Denne sommaren vart det vanskelegare for dei store fartsbøllene å sleppe unna med det, for i år har UP Vest hatt ni patruljebilar meir enn i fjor. Dermed har UP Vest avdekka fleire trafikklovbrot enn nokon sommar tidlegare.

Natt til fredag 2. juni i år la UP seg på hjul bak ein sjåfør som hadde det alt for travelt, skriv BT. Ved hjelp av video og bildeteljing målte UP snittfarten til å vere 150 km/t. Dermed vart den 20 år gamle mannen bak rattet fotgjengar, og får truleg bruke dei neste åra til å sette seg godt inn i Skyss sine rutetider.

Mot slutten av juni i år vart nok ein ung mann fråteken privilegiet å kunne køyre bil. Natt til laurdag 29. juni rundt klokka 02 trudde han kanskje han var åleine i verda, då han krusa over Nordhordlandsbrua i 123 km/t. Heldigvis for andre bilistar, var UP til stades, og også denne 19-åringen må ta beina fatt i overskodeleg framtid, skriv BT.

Prioriterer ulykkesstrekningar

Terje Oksnes, distriktsleiar for UP på Vestlandet seier til BT at ei endring i UP sin strategi har gjeve ei endring i kva type trafikklovbrot som vert avdekka.

Tidlegare var berre ein av tre av UP sine kontrollar på strekningar med 70-sone eller høgare, trass i at heile tre av fire ulykker skjer på slike strekningar. No gjennomfører UP halvparten av kontrollane sine på desse strekningane. Dermed er det færre grove fartssyndarar som vert tekne, men potensialet for å redusere talet alvorlege ulykker er større, meiner Oksnes.

2952 råkøyrarar

Totalt har UP Vest tatt 2952 råkøyrarar i løpet av juni og juli månad. 172 av desse har mista lappen.

Av dei tre vestlandsfylka UP Vest dekker, er det i Rogaland det går heitast føre seg på speedometeret, Hordaland ligg midt på treet, og bilistane i Sogn og Fjordane er ifølge statistikken dei mest lovlydige, seier Oksnes til BT.

Tal frå heile regionen viser også at tre av fire av dei 81 som vart tekne for ruskøyring i sommar, køyrde i narkorus. I over 600 tilfelle har UP avdekka ulovleg åtferd bak rattet, for det meste mobilbruk.

Dessutan har UP arrestert 67 personar for annan kriminalitet enn den trafikale. I dei fleste tilfelle gjeld det narkotikalovbrot, skriv BT.

Artikkeltags