Køyrde av vegen mellom Salhus og Nordhordlandsbrua: Kvinne frakta til legevakt

Ei kvinne blir frakta til legevakt med nakkesmerter etter å ha køyrt av vegen.

DEL

(BA): Ei kvinne er frakta til legevakt etter å ha køyrt av vegen på Tellevikvegen mellom Salhus og Nordhordlandsbrua, det fekk politiet melding om klokken 09.48.

– Vi blei oppringt av eit familiemedlem som opplyser at dei køyrer kvinna til legevakt, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til BA.

Hendelsesforløpet er ukjent, men bilen skal stå utanfor vegbana og ikkje vere til hinder for andre trafikantar.

– Vi tar oss ein tur til legevakta og snakkar med kvinna, og ein tur til staden for å sjå kva som har skjedd, seier Kolltveit.

Kvinnen skal ha smerter i nakken etter ulykken.

Bil hamna på sida - føraren frakta til sjukehus 

Artikkeltags