Klokka 15.48 laurdag ettermiddag melde politidistrikt Vest på Twitter om at ien bil hadde køyrd av vegen i Bøvågen på Radøy.
Det var to personar i bilen. Ingen av dei var fastklemde etter ulykka.
Både ambulanse og politi rykte ut til staden.
- Les også: Køyrde frå ferja til Lindås med promille
– Det var tilsynelatande små personskader, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Arne Corneliussen.
Søndag informerer operasjonsleiar i Vest politidistrik, Hans Erik Thue, om at det var to vaksne personar som var involverte i ulykka. Ingen av dei hadde synlege skadar etter ulykka, og airbagane i bilen vart ikkje løyst ut.
– Bilen hadde ein fart på kring 50 kilometer i timen då ulykka skjedde, seier Thue og informerer om at føraren av bilen fekk førarkortet sitt beslaglagt og at det vert oppretta sak på ulykka.