Betongbil har velta på E39 ved Lavik

Artikkelen er over 1 år gammel

Føraren er uskadd og det er manuell dirigering på staden.

DEL

– Ein betongbil har sklidd inn i fjellveggen og deretter velta. Føraren er uskadd, opplyser operasjonsleiar Hans Erik Thue i Vest politidistrikt til Firda.

Ulukka vart meldt litt etter klokka 02.00 og har skjedd ved Mosemyra camping, ikkje så langt frå Lavik. Det skal ikkje vere mistanke om promillekøyring.

Eitt køyrefelt er sperra, men det er manuell dirigering på staden. Politiet opplyser at det er svært glatt, og ber bilistar ta det med ro.

Ein bergingsbil er komen fram, men ein ventar no på ein til for å klare å fjerne lastebilen. Oppryddingsarbeidet er difor venta å ta nokre timar, fortel politiet.

Vegvesenet er på staden og stør.

Klokka 0745 var bergingsbilane er i gong med å få fjerna betongbilen. Det er redusert framkomst forbi staden, melder politiet.

Litt etter klokka 08.30 var lastebilen fjerna og Statens vegvesen melder at E39 er opna att for fri ferdsel.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags