Tatt i 118 km/t i 70-sone. 15 andre fekk bøter
Artikkelen er over 1 år gammel
UP hadde fredag ettermiddag ute to patruljar for å gjennomføre ein fartskontroll i Bjørsvikvegen på Ostereidet.
Frå like føre klokka fire til litt over klokka sju vart bilistar kontrollerte med laser i 70-sona.
– 15 personar fekk forenkla førelegg, og ein førar fekk førarkortet beslaglagt. Farten var 118 kilometer i timen, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.
Han fortel at det elles har vore ein roleg fredag kveld og ei roleg natt til laurdag i Nordhordland.