Mann hardt skadd etter utforkøyring i Høyanger

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

HØYANGER: Ein mann er flogen til Haukeland etter trafikkulykke i Bjordal.

DEL

Ulykka hende kring klokka elleve onsdag kveld. Det var ein person involvert i ulykka, som hende på ein skogsveg i Bjordal. Ifølge politiet låg bilen med den skadde mannen vanskeleg tilgjengeleg, skriv Firda.

– Bilen skal ha velta ned ei skråing, og mannen skal så vidt eg har forstått ha blitt kasta ut av bilen. Han har truleg køyrt inn i ei hindring i vegkanten på den eine sida, og køyrt ut på den andre, men mannen var ikkje i stand til å forklare seg, seier Ole Tom Nord, operasjonsleiar for Vest politidistrikt til Firda.

Då mannen vart send til Haukeland sjukehus i natt, vart han omtalt som hardt skadd, men ikkje livstrugande.

Artikkeltags