Tre bilar krasja i Fløyfjellstunnelen

Slik såg det ut i Fløyfjellstunnelen i rushtida rundt klokka 16.

Slik såg det ut i Fløyfjellstunnelen i rushtida rundt klokka 16. Foto:

Kø mot Åsane etter fleire hendingar. Fløyfjellstunnelen på E39 er stengt.

DEL

(BA): Klokka 16.08 melde politiet at tre bilar har kollidert i Fløyfjellstunnelen, retning Åsane.

Kollisjonen har skjedd i venstre felt, og tunnelen er stengt.

Uhellet skjedde ikkje lenge etter ein annan kollisjon på E39 mot Åsane.

– No står trafikken midt i rushet. Køane hopar seg opp, seier trafikkoperatør Nina Heggernes ved Vegtrafikksentralen.

E16 stengt ved Evanger

Dette er berre ein av fleire hendingar i trafikken tysdag ettermiddag.

Like før klokkA 16 blei det meldt om bilbrann på E16 ved Evanger.

Naudetatene rykte ut, og vegen blei stengt på staden klokka 16.03.

Lastebil krasja i autovern

Kollisjonen på E39 skjedde ikkje lenge etter to andre hendingar på E39 nordover.

Klokka 13.26 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Åsaneveien ved Stemmemyren.

Saka held fram under bildet.

Ulykke E 39 ved Handelshøyskolen

Ulykke E 39 ved Handelshøyskolen Foto:

– Det er ein liten lastebil som har kollidert i 70-sona, seier operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt.

Lastebilen trefte med fronten rett i autovernet ved avkøyrsla frå E39 til Helleveien og Øyjordsveien.

Den mannlege føraren blei omtalt som oppegåande etter ulykka. Han blei frakta i ambulanse til Haukeland Universitetssjukehus for vidare undersøkingar.

Lastebil fekk stans

Vegtrafikksentralen melde klokka 14.20 at det blei ytterlegare kø i området fordi ein lastebil har fått stans i nordgåande retning ved Sandviken sjukehus.

Like før klokka 1600 var det lang kø i Fløyfjellstunnelen.

Artikkeltags