To tunnelar stengt på E39 - omfattande køar

Buss har køyrt i bakenden på traktor like før Selviktunnelen på E39, melder politiet.

DEL

(BA): Siste: Politiet eskorterar tungbilbergar frå Fløyfjellstunnelen mot ulykkesstaden.

Ulykka har skjedd på E39 i nordgåande retning. Klokken 1200 pågår bilberging framleis.

Eidsvågtunnelen og Glaskartunnlen er no open igjen, men med redusert framkomst.

Eitt felt i Selviktunnelen er stengt inntil skadestaden er rydda. Det er manuell dirigering på staden.

Omkøyring skjer via Eidsvåg og Ervik.

– Erfaringsmessig oppstår det ein del kø på omkøyringsvegane, seier Ken Ove Holm, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen.

Til sjukehus

– Vi har fått opplyst at samanstøyten skjedde i det bussen skulle køyre ut på E39 frå påkøyringsfeltet, seier Terje Magnussen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Traktorføraren har fått eit kutt i hovudet og blir frakta til Haukeland sykehus. Han var vaken og bevisst etter samanstøyten.

Bussjåføren framstår som uskadd. Begge sjåførane blir sjekka av helse på staden.

– Bussen hadde ikkje passasjerar, seier operasjonsleiaren.

Naudetatene rykte ut til staden.

Sjekkar lova

Politiet blei varsla om ulykka klokka 10.25.

Kravet for å kunne køyre med traktor på motorveg er at dei må klare å halde ein fart på minimum 40 kilometer i timen.

– Vi jobbar no med å få avklart om traktoren hadde lov til å køyre på denne vegen, eller ikkje, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags