MC-velt i Eidsvågtunnelen

Tunnelen er onsdag kveld stengt i nordleg retning, men det er passasje forbi ulykkesstaden.

DEL

(BA): Naudetatane rykte ut etter ei melding om ein motorsykkelvelt klokka 20.31, onsdag kveld.

MC-føraren skal vere bevisst, men har skrubbsår og smerter i kragebeinet, opplyser politiet. Føraren er køyrd til traumemottaket på Haukeland universitetssjukehus, opplyser politiet.

Berre éin person var involvert i ulykka, opplyser operasjonsleiar Morten Rebnord ved Vest politidistrikt.

– Han gjekk sjølv inn i ambulansen, seier han.

Ulykka skjedde i venstre felt i nordgåande retning. Tunnelen er stengt i retning Åsane, men det skal ikkje vere trafikale problem.

– Det er passasje forbi ulykkesstaden, opplyser Rebnord.

Artikkeltags