Her blir det kolonnekøyring i tre veker – igjen

Nattarbeid i Bjørsviktunnelen (avbilda) og Mundalsbergtunnelen fører til kolonnekøyring dei tre neste vekene.

Nattarbeid i Bjørsviktunnelen (avbilda) og Mundalsbergtunnelen fører til kolonnekøyring dei tre neste vekene. Foto:

Frå og med i dag bør du ikkje vere for seint ute på E39

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Onsdag 11. oktober startar Statens vegvesen arbeidet med dei siste justeringane i Mundalsberg- og Bjørsviktunnelen, melder vegvesenet på Facebook.

Dette arbeidet vil føregå om natta, og dermed vert det kolonnekøyring i desse tunnelane mellom kl. 22 og 05.30. Vegvesenet varslar at dette vil vare i tre veker framover.

Utanom kolonnekøyring kan tunnelane verte stengde i opp til ein time. Dersom det vert lenger stengingar enn dette, skal det verte varsla i god tid, skriv Statens vegvesen.

Artikkeltags