– Totalt uansvarleg å køyra med sommardekk i dag

UTE OG BRØYTER: Brøytemannskaper er ute på vegane for å halda dei reine, men slit med å koma seg fram då det står bilar på sommardekk fast over alt.

UTE OG BRØYTER: Brøytemannskaper er ute på vegane for å halda dei reine, men slit med å koma seg fram då det står bilar på sommardekk fast over alt. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Kom mai du skjønne milde?

DEL

– Entrepenøren vår har alle tilgjengelige bilar ute i Nordhordland, men dei slit med å komma seg fram då det står bilar fast på kryss og tvers, seier Roger Lemme ved Vegtrafikksentralen til avisa Nordhordland.

Han har ei svært klar melding til bilistar som legg ut på sommardekk i dag.

– Det er totalt uforsvarleg! La bilen stå igjen heima om du har lagt om til sommardekk, seier han.

Brøytebilen kjem seg ikkje fram

– Dei som ser ut glaset og legg avgarde med sommardekk på. Det er rett og slett uforsvarleg, seier han.

LES OGSÅ: Kø-kaos i Nordhordland

Han seier at det er ikkje nokon plassar som er verre enn andre i Nordhordland, men det står mellom anna eit vogntog fast i Kjevikdalen og skapar problem.

Politiet melder på Twitter at det er fleire bilar som står fast på det glatte føret mellom Lindås og Mongstad.

På onsdag var det kaos i Romarheimsdalen, der er det betre stilt fredag morgon.

– Me har hatt brøytebil ute i heile natt, så der er det greie forhold. Men ein greier ikkje å få bar asfalt, seier Lemme.

I Bergen er det såpass med kaos i høgden at politiet har stengt Vallaheiane, opplyser Lemme.

LES OGSÅ: Fleire bilar fastkøyrd i Romarheimsdalen

Vêrvarslinga på Vestlandet seier at det er ikkje veldig uvanleg med snø i mai sjølv om det dei siste 20 åra har vore mindre enn normalt av det.

– I 2012 var det ein dag i mai med snø, det same i 2010. I 1992 hadde me heile fire dagar med snø, seier statsmeteorolog Geir Otto Fagerlid til avisa Nordhordland.

På 1950 og 1960-talet var det enno meir vanleg.

30 centimeter snø

– Eit år var det 30 centimeter snø natt til 16. mai i Bergen, seier han.

Temperaturen vil stiga noko på fredag og nedbøren vil etterkvart koma som regn.

– Men mot kvelden vil temperaturen gå ned igjen og me vil få nattefrost med temperaturar like under null grader, opplyser han.

LES OGSÅ: Sterk melding til Russ 2013: – Ver så snill, la oss sleppa og klippa deg ut av eit vrak

På laurdag kan me venta oss meir snø.

– Men ikkje så store mengder, seier han.

Igjen vil temperaturen stiga og me vil få regn.

Lovar 15 varmegrader til veka

Fagerlid reknar med at ein må venta til over pinse før sommarvêret kjem, men det kjem eit lite gløtt ut i veka.

– Byrjinga på neste veke vert bra. Då får me sørlege vindar og opp i 10-15 varmegrader, seier han.

LES OGSÅ: Arild har stått rasfast i ti timar

Nattetemperaturen stig og. Men kor lenge var Adam i paradis?

– Det kjem eit lågtrykk på onsdag med låge temperaturar i bakkant, slik at det vil verta mykje kaldare, seier han.

Nattetemperaturen vil koma ned i to varmegrader.

LES OGSÅ: Skadd i ulykke

Artikkeltags