Tor Egil har gått (og ete) vekk 40 kilo

I ENDRING: Tor Egil har kvitta seg med 40 kilo. Framleis vil ha kvitta seg med meir.

I ENDRING: Tor Egil har kvitta seg med 40 kilo. Framleis vil ha kvitta seg med meir. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

KNARVIK:– 2013 har vore min egotrip, og eg er overraska over kor lett det har gått, seier han.

DEL

Ei vekt på 133 kilo og forsiktig mas frå foreldre om at noko kanskje burde gjerast, var ikkje nok. Derimot var det kjeft og klar melding frå ein god kompis som såg med bekymring på at stadig fleire rundt han døydde av livsstilssjukdomar, som trigga Tor Egil Kittang så pass at han var villig til å gjera eit forsøk.

– Eg var på besøk hos han i januar i fjor, då han sa rett ut at no berre skal du begynna å trena.

LES OGSÅ: Karoline har gått ned 50 kilo - vil verta så fit som mogleg

– Javel, då må du pusja meg, eg er treningsallergikar. Eg likar å gå på ski, dansa sving, gå tur - eg likar aktivitet, men ikkje trening. Og treninga har vi faktisk enno ikkje starta med, trur neppe vi kjem til å gjera det heller. Eg har funne mi form.

Antislankar

Tor Egil er utruleg glad for at kompisen var tøff nok til å sei at no må du ta tak.

– Det steget er kanskje større enn andre steg å gje beskjed om.

Les også: Kristian frå Lindås slanka seg for å få meir sex

Tilfellet ville at kona til kameraten nett hadde starta på Grete Roede kurs, og dit oppfordra ho han til å bli med - ei veke etterat dei andre starta.

– Mitt prinsipp var at denne typen kurs ikkje funkar, det skulle eg bevisa. Eg var positiv til å prøva, men utruleg negativ til resultatet. Skepsisen motiverte meg til å prøva skikkeleg, og eg gjekk ned 12,5 kg på desse første seks vekene. Samtidig som eg la om kosten begynte eg å gå på tur, i det fantastiske turterrenget vi har rett utafor gatedøra, seier han.

Ekstra motivasjon

Tre gonger i veka gjekk han på Indregardsfjellet, og i starten var formen elendig.

Turane vart logga på TV2-sporty for å ha kontroll på kor mykje han gjekk.

– Det høyrer med til bildet at eg var 10 kg lettare første gong eg vog med på kurset, enn kva eg rekna med på førehand. Det i seg sjølv var inspirerande, seier Tor Egil.

Slanka vekk ein mann

Det vart med det eine kurset, men likevel har heile familien Kittang til saman slanka vekk ein person på 80 kilo.

LES OGSÅ: CP-ramma Frode siktar mot NM-gull i styrkeløft

– Dette er ikkje noko slankekur, men ei livsstilsendring med positiv bieffekt, seier Tor Egil. Ein periode gjekk han tur sju dagar for veka, og no er ikkje problemet å koma seg over dørstokken, men å sei til seg sjølv at du MÅ ikkje ut i dag.

Fredag er dagen

«Superslankaren» legg ikkje skjul på at det har vore freistingar som har vore vanskeleg å motstå og at han har sleppt seg litt laus både i ferien og i jula.

– Endå vil eg ned 15 kilo før sommaren, og eg har gitt meg sjølv tida fram til 7. februar til å vera skikkeleg i gang igjen, seier han.

– 7. februar er ein fredag, kvifor denne dagen?

– Ein genial dag å starta, då får eg litt pisk i forhold til helga med ein gong.

– I fjor var vi veldig streng, men no er vi einige om å unna oss litt lørdagskos, det gjeld berre å ikkje strekka helga frå fredag til mandag, og å finna dei magre utgåvene av godsakene.

– Veit eg at eg skal noko spesielt, legg eg inn ein ekstra tur i forkant. Alltid i forkant, for då får eg gjerne dobbelt opp. Tur etterpå går eg uansett.

Milslukar

Den energiske karen seier han har fått utruleg god oppbacking av familie, kollegaer og vener.

– Etterkvart oppretta eg ei lukka gruppe på facebook, der desse kunne følgja med meg. Den skal no i gang igjen, seier han.

LES OGSÅ: Treng tips til å prikka inn maratonforma

Når nh sin utsende er med han på tur denne nest siste dagen i januar, nærmar han seg 10 mil på tur dette året. Kvar gong går han ein fast runde på nesten 9 km. I 2013 passerte han 120 mil og rundt 200 timar i skogen.

– Målet er å gå mest mogleg, og eg merkar at eg må gå lenger for å få same effekt etterkvart som formen stiger, seier han. Ei pulsklokke er ein stor inspirator, og hovudlykt hører og til det obligatoriske turutstyret.

Overraskande lett

Tor Egil er klar over at det kan høyrast «blærete» ut når han seier at han er overraska over kor utruleg lett det har gått.

Les også: Slankekrig-vinnarane er kåra

– Eg er nøye med maten, og med å koma meg ut på tur. Utfordringa er rett og slett å få i seg nok mat.

– Ved å kutta ut sukker og salt, har maten fått mykje betre smak, seier han. Og legg til at han ikkje trur på diettar - han har då prøvd innimellom, men det funkar ikkje. Ein går berre opp igjen meir etterpå.

King size burger

Han presiserer at han ikkje har vore svolten ein einaste dag. Tvert om er han overrraska over kor mykje mat han kan spisa. Tidlegare spiste han frukost og middag, og så feira han alt på TV med chips og brus. No gjer det han ikkje noko å gå forbi Burger King heller.

– Eg hører til dei som ikkje blir lei mat, og kunne godt ha spist hamburgar kvar dag. Favoritten min er på 1080 kcal, og menyen eg pleide å setja til livs var på 2100 kcal, det same som eg spiser på ein heil dag no. Desse kaloriane vert fordelt på seks måltid og i hovudsak brukt på knekkebrød med magerost, middag med reine varer og mykje salat på tallerken og frukt.

– Einaste minuset er at det merkast godt på matbudsjettet når familien på fire skal ha same kosten, seier Tor Egil. Han synest det er ille at sunn mat skal vera mykje dyrare enn alt det usunne ein puttar i seg. Her har helseministeren ei stor utfordring.

Glad for turfølgje

I byrjinga talde han kaloriar og vog maten for å ha kontroll. Det gjer han ikkje lenger.

– Eg har funne ei form på inntak, og uttak i form av turgåing som eg trivst med. Men eg kunne godt tenkt meg ein turklubb slik at fleire kan gå i lag, seier Tor Egil som gjerne tar turen saman med kona når det passar. Samtidig innser han at det er vanskeleg å få til i praksis i forhold til jobben hans som logistikk-koordinator på Flesland, med tre skift.

Same turen vert difor hans referanse, og den einaste konkurransen han driv for seg sjølv. Første runden brukte han 2 timar, 44 minutt og 6 sekund. Den beste runden var på 1 time og 17 minutt, og no held han eit vintertur-tempo på knapt halvannan time. To par joggesko og nokre par broddar vart slitne ut i fjor.

Merkbar helseeffekt

Helseeffekten har vore enorm, ikkje berre merkar han det på kiloa som forsvinn, belastninga på knea som lettar og kondisen som vert betre.

– På Knarvikmila for nokre år sidan testa eg den fysiske alderen min til godt over 60. I fjor var den yngre enn min faktiske alder, seier 43-åringen.

Inspirera andre

Tor Egil seier han blir nesten brydd når folk fortel han kor flink han har vore. Eigentleg vil han ikkje ha noko fokus i avisa heller, men etter å ha fått tenkt seg om, ser han det positive i at han kanskje kan vera til inspirasjon for andre.

– Eg har kollegaer som spør kva eg har gjort, seier han. Og presiserer at han ikkje har slanka seg.

– Slankar du deg, fortel det at det er noko gale med deg. Ei livstilsendring derimot er ein konsekvens av endringar i livet ditt.

Ete seg giddalaus

– Det er ikkje tvil om at vi gjennom år har ete på oss mykje giddalausheit, blitt slakke og nokon av oss stor og tung i tillegg, og i dårleg form.

– Heilt ærleg så har det ikkje gjort meg noko å vera stor og tung. Eg såg ikkje problemet. Men når eg ser på bilda som er tatt på ferie i Tyrkia for tre år sidan, ser eg at desse kiloa ikkje skal på igjen.

– Eg har ikkje hatt ei einaste plage med livsstilsendringa, det har berre vore ein stor pluss. Det har ikkje kosta meg noko, og eg burde gjort det for lenge sidan, seier han.

Les også: Slanka vekk 32 kilo

– Dette har vore mi greie, min egotripp, og eg måtte gå nokre rundar med meg sjølv før eg gjorde det.

– Eg synest det er viktig at folk får veta at det er rimeleg lett å få til, men at ein må villa det sjølv. Det nyttar ikkje med halvhjarta innsats, seier Tor Egil.

Han legg ikkje skjul på at han synest det er stas når sonen seier at han synest foreldra ser mykje yngre ut og når dotra sler armane rundt han og seier; eg kan jo ta rundt deg, pappa.

Gutetur i gåve

Den største og beste motivasjonsgåva fekk han hjå bror sin, som spanderte guttetur til Florida sist sommar.

- Å gå frå 44 til 32 i busker merkast godt, og eg må innrømma at det var artig å kjøpa klær i USA. Klær som eg hadde lyst på - utan å tenka på om det finst klær som du kan bruka. Motivasjonsfaktoren der er artig, seier Tor Egil Kittang.

På Knarvikmila for nokre år sidan testa eg den fysiske alderen min til godt over 60.

Artikkeltags