Til filmen som rollemodell

Artikkelen er over 9 år gammel

Kristin Rugset (22) frå Austrheim.

DEL

Kristin Rugset (22) er autist, men har gjennom hardt arbeid vorte ei sprek ung dame med tre jobbar og eit godt sosialt liv. No vert ho i tillegg filmstjerne.

- Historia om Kristin er ei lita solskinnshistorie, seier mamma Tone Rugset til nh.

Den no 22 år gamle dottera hennar har budd på Austrheim heile livet. Her har ho gått i barnehage og på skule, og når ho no har vorte vaksen har ho også jobbane sine i kommunen.

Nyleg vart filmen om utviklinga til Kristin laga, ein film som skal nyttast som instruksjon i undervisning over heile landet.

- Eg håpar dei som sit på pengane her i landet ser denne filmen, og at den kan fungera som eit bodskap på at det nyttar å legga ned ein innsats, seier Tone.

Mange ville sjå filmen

Filmen viser Kristin gjennom mange år med jobbing for å kunne fungera normalt i samfunnet. Både i heimen og på skulen har ho alltid fått god oppfølging, og det er ikkje få personar som har hatt mykje å seia i livet hennar så langt.

Det viste tydeleg frammøtet i forkant av kommunestyremøtet på Austrheim førre onsdag, der filmen vart vist fram for dei mange som har vore i livet til den autistiske jenta gjennom oppveksten.

- Det er grådig kjekt å sjå at så mange kunne koma i dag. Veldig mange har jobba med Kristin opp gjennom åra, og utan desse tiltaka som dei tilsette i kommunen har stått for, ville ho ikkje hatt eit så meiningsfylt liv i dag, seier Tone Rugset til nh.

- Kommune full av ressurspersonar

Ho er full av lovord om Austrheim kommune, og fortel at ho har venta på eit høve til verkeleg å få takka alle for den gode innsatsen.

- Det som har skjedd her er fantastisk. Kommunen har vore på Kristin si og vår side heile vegen, og dei har bidrege med ein flott og god modell tilpassa Kristin. Dette er eit kjempegodt eksempel på tverretatleg samarbeid, og ein ting skal de i alle fall vera klar over: Det er forferdeleg dyktige og greie folk som jobbar i Austrheim, sa ho etter at filmen om dottera var vist for dei frammøtte.

Skryt frå ordføraren

Kristin har i dag tre jobbar, alle i Austrheim kommune. Ho er i Kaland barnehage nokre dagar, på Nordliheimen nokre dagar og i kantina på kommunehuset nokre dagar. Jobben på kommunehuset har vorte ekstra godt lagt merke til.

- Eg snakkar med Kristin kvar gong eg treffer henne, og ho var faktisk den einaste eg fekk blome av då eg vart vald til ordførar igjen. Det varma verkeleg, seier Austrheim-ordførar Ole Lysø, som synest den Statped Vest-produserte filmen var veldig flott.

Artikkeltags