Ikkje la deg lura av desse svindelmeldingane

- Dette er svindel, og ein må ikkje gjera som ein vert beden om i desse e-postane, seier Informasjonslsjef i Telenor, Tormod Sandstø.

- Dette er svindel, og ein må ikkje gjera som ein vert beden om i desse e-postane, seier Informasjonslsjef i Telenor, Tormod Sandstø. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Ikkje gjer det du vert beden om, seier Telenor.

DEL

Ein Nh-lesar fekk i helga ein svindelmelding på e-post. No vil han åtvara andre, slik at ingen vert lurt.

– Eg fekk ein e-post frå «Telenor», om ein manglande innbetaling til deira konto. Før eg las e-posten skikkeleg, tenkte eg «kva gjer eg no?", men etter at eg fekk tenkt meg om forstod eg at dette verka rart, seier mannen i 70-åra, som kjem frå Knarvik.

LES OGSÅ: Etter dette oppslaget fekk Telenor fart på sakene

Ulogisk

– Eg syntest det verka veldig rart, for eg veit at Telenor ikkje sender purringar på mail. Dessutan har vi avtalegiro på slike rekningar, og alt skal gå automatisk – då synest eg det var merkeleg at vi skulle få ein purring. For meg var det ulogisk, seier mannen, som vil vera anonym.

Han fortel at e-posten innehalde dårleg språk og nokre skrivefeil.

LES OGSÅ: Rådmannen rasar mot Telenor – får ikkje internett heime

Vil åtvara

– Etter kvart vart det ganske innlysande for meg at dette er rein svindel, seier mannen i 70-åra.

Han trur nokon, spesielt eldre menneske, kan verta forvirra og finna på å betala inn til kontonummeret oppgitt i e-posten.

– Det er ikkje sikkert alle forstår kva dette er for noko, og difor vil eg åtvare andre mot å betala, seier han.

LES OGSÅ: Mobil og fiberdekning: Radøy har gått frå verst til best i klassen

– Vær mistenksam

Informasjonssjef i Telenor, Tormod Sandstø seier mannen frå Knarvik har gjort heilt rett.

– Han har vore mistenksam, og det er veldig bra, seier han.

– Dette er svindel, og ein må ikkje gjera som ein vert beden om i desse e-postane, seier Sandstø vidare.

Informasjonssjefen fortel at Telenor den siste månaden oppdaga fleire tilfelle av svindelmeldingar som dette, og fortel at dei forsøkjer å vera

- Er ein i tvil på om ein har motteke svindelmelding eller ikkje, kontakt oss i Telenor, seier Sandstø.

- Er ein i tvil på om ein har motteke svindelmelding eller ikkje, kontakt oss i Telenor, seier Sandstø. Foto:

raskt ute med å informera kundane sine.

– Ofte informera vi om svindelen på Facebooksida vår, og legg ut eksemplar på falske e-postar.

LES OGSÅ: – Ikkje godt nok, Telenor!

Ber aldri om slike opplysningar

– Vi ber aldri om at våre kundar skal gi opp kontonummer eller personnummer i ein e-post. Vi sender heller aldri purring per mail, opplyser han.

Sandstø seier det er svært beklageleg at slikt skjer, og oppmodar folk som er i tvil om å ringa kundesenteret deira.

– Viss ein e-post verker mistenkjeleg eller rar, er det berre å sletta mailen. Er ein i tvil på om ein har teke imot svindelmelding eller ikkje, kontakt oss i Telenor, seier Sandstø.

Artikkeltags