Dette nummeret må du ikkje ringe opp igjen

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Svindlarar har i helga ringt opp fleire nordmenn frå eit telefonnummer som startar på + 88216. Ikkje ring opp nummeret igjen, er rådet frå Telenor.

DEL

Svindlarane ønsker nemleg at personar skal ringe dei tilbake slik at dei kan tjene pengar på tellarskritta, ifølge tryggleikssrådgivar Thomas Kopperud i Telenor Norge.

Ifølge Kopperud dreier dette seg om internasjonale aktørar som opprettar teletorgnummer og forsøker å få flest mogleg til å ringe dei opp igjen.

– Vi kan anslå at det er fleire titals tusen anrop som har komme frå +88216 til nordmenn i helga, seier Kopperud.

Han fortel at dette er den andre bølga med anrop frå denne nummerserien.

– Forrige bølge var i mars, og då endte vi også opp med å sperre moglegheita for fleire tusen nummerkombinasjonar, sier Kopperud. (ANB-NTB)

Artikkeltags