Tatt med 1000 par stolne sko

STORT UTVAL: Alle skoa må pakkast opp frå bossekkar og registrerast.

STORT UTVAL: Alle skoa må pakkast opp frå bossekkar og registrerast. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

I 0900-tida måndag morgon, gjorde politiet i Knarvik litt av eit skokupp.

DEL

Måndag morgon, i ni-tida, stoppa fleire politipatruljar frå Nordhordland lensmannskontor fem karar i to bilar ved Eikanger hagesenter. I bilen fekk dei litt av ein fangst, 1000 par sko, stole frå ein butikk i Volda, berre nokre timar før.

– Me hadde mistanke om at dei kom frå Sunnmøre, via Lavik - Oppedal, seier Kjell Idar Vangberg til avisa Nordhordland.

Tre patruljar vart sendt frå Knarvik, pluss ein frå Åsane samt ein hundepatrulje.

LES OGSÅ: Stril svindla NAV for 200.000 kroner

Det var ein sivil politibil som oppdaga dei, og varsla dei andre. Vegen vart dermed stengt i begge retningar, slik at bandittane ikkje hadde nokon sjanse til å rømma.

– Korleis foregjekk pågripinga?

– Den var uproblematisk. Dei skjønte at dei måtte gje seg, seier Vangberg. Det snakk om fem vaksne rumenarar.

Dei pågripne vart frakta til arresten i Bergen, medan skoa vart tatt med til lensmannskontoret i Knarvik for registrering.

LES OGSÅ: Filma ste-dottera med skjult kamera i dusjen

Skoa er både av merka Converse, Nike, Ecco og Timberland.

No jobbar politiet med å få oversikt over kva som har skjedd.

– Dei er og mistenkt for å ha gjort innbrot i eit parfymeri i Ørsta natta før, seier Vangberg.

– Så no ventar de på ein bil lasta med parfyme skal køyra forbi?

– Den har nok kome forbi allereie, men me etterforskar den saka og, seier han.

– Har dei eit lager, eller vert varene distribuert ut frå ein plass her i området?

–Det har me ikkje noko ytterlegare informasjon til. Me er i den innleiande fasen av etterforskinga. Det er Sunnmøre politidistrikt som etterforskar saka og me bistår med litt etterforsking og ransaking, seier Vangberg.

Dei pågripne skal alle saman ha tilhold i Hordaland.

– Er dei registrert med lovleg arbeid her?

– Eg har ingen kommentar til det.

– Er dei tatt for kriminalitet i Noreg før?

– Eg veit dei har straffbare forhold på seg i Noreg og i Hordaland frå før. Men me har ikkje full oversikt over det enno, seier han.

– Fann de noko anna i bilen?

– Ikkje som me vil kommentera no.

– Har de nokon gong gjort så store skobeslag før?

– Nei, ikkje som eg har vore med på. Og eg har vore med i mange år, sluttar han.

Dei fem arresterte rumenarane ventar no på å verta avhøyrt i Bergen.

LES OGSÅ: Tatt med 1,23 i promille

Artikkeltags