Tar kanadisk tradisjon til Bergen

ARRANGERAR ZOMBIE WALK I BERGEN: Marie R. Seim og Yvonne Renate Borlaug håper så mange som mogleg vil vera med å gå i tog på laurdag.

ARRANGERAR ZOMBIE WALK I BERGEN: Marie R. Seim og Yvonne Renate Borlaug håper så mange som mogleg vil vera med å gå i tog på laurdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

På lørdag arrangerer Yvonne og Marie dei Zombie Walk midt i Bergen sentrum, med over to tusen inviterte.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Dei to jentene, som kjem frå Seim og Lindås, gler seg til å arrangera Zombie Walk midt i byen på lørdag.

– Eg fekk ideen då eg var i Canada, og såg eit tog med mange menneske utkledd som zombiar, seier Yvonne Renate Borlaug, som heilt sidan ungdomsskulen har elska å kle seg ut med skumle kostyme.

– Eg synest det såg utruleg morosamt ut, og bestemte meg for å arrangera det same i Bergen, seier ho.

Også Marie R. Seim er glad i utkledning, halloween og grøsserfilmer. No håpar dei at flest mogleg vil slenga seg med.

– Alle er velkommen til å vera med, ingen er for ung eller for gammal. Både eldre og barn kan vera med, seier Yvonne.

Etter at toget er ferdig, skal alle «zombiane» samlast på Festplassen.

– Der skal vi ha ein kostymekonkurranse, fortel dei to.

Jentene har oppretta eit ope arrangement på Facebook, kor ein kan finna all informasjon, tidspunkt og reglar.

– Søk på «Zombie Walk Bergen», og ein finn alt der. Kle deg ut og bli med, dette vert utruleg gøy, seier Yvonne og Marie.

LES OGSÅ: Felles Halloween fest

Artikkeltags