Supersymjar Olaug kryssa Sognefjorden

Artikkelen er over 11 år gammel

To timar og åtte minuttar brukte Olaug Haugsdal (56) frå Bruknappen på å kryssa Sognefjorden i halvmeter høge bølgjer. – Eg er veldig nøgd med å ha fullført, seier ho til nh.

DEL

Då Olaug Haugsdal såg innslaget frå Sognefjorden Swim Festival på TV i august i fjor, var ho ikkje sein om å ringa arrangørane. Dette ville ho nemleg vera med på. Såleis vart ho den første påmeldte deltakaren til årets festival, som gjekk av stabelen i helga. Her var ho tredje eldste startande, og den eldste kvinna som klarte å fullføra.

- Eg hadde på førehand rekna med å bruka halvannan time, men slik forholda var, er eg godt nøgd med to timar og åtte minuttar. Det var nemleg god vind, og halvmeterhøge bølgjer heile vegen, seier den spreke hobbysymjaren frå Bruknappen.

”Svelgde halve Sognefjorden”

Sognefjorden Swim festival vart arrangert for tredje gong i år. Festivalen har fleire ulike tevlingar i vatnet, men hovudøvinga er å kryssa fjorden mellom Borlaug og Nakkaneset, ei strekning som måler 3,7 kilometer.

For dei aller fleste er dette usannsynleg langt å symja, men så lenge ho ikkje byrja å frysa, var ikkje Olaug Haugsdal i tvil om at ho kom til å klara brasane.

- Eg sym mykje, og var ikkje redd for distansen. Men det var berre 15 grader i vatnet, så kulden kunne verta eit problem. Heldigvis gjekk det bra, og den største utfordringa vart overraskande nok alt vatnet eg svelgde undervegs. Tidvis kjentest det ut som eg hadde halve Sognefjorden innabords, seier ho med eit smil.

- Likar fysisk aktivitet

24 personar stilte til start i den noko spesielle konkurransen. Tre av desse måtte bryta. Dette var aldri eit alternativ for Olaug.

- Eg har aldri før symja så langt, og tidvis vart eg veldig kvalm av alt sjøvatnet. Men eg hadde med både familie og gode kollegar som heia på meg, så eg tenkte undervegs at eg måtte fullføra, smiler Olaug, som ikkje er ukjent med fysiske utfordringar frå tidlegare.

- Eg likar fysisk aktivitet. Halve året bur eg i Bruknappen, og her er det ikkje vegsamband. Då må eg anten gå gjennom marka eller ta båten til Feste. Vanlegvis brukare eg båten, og då ror eg nesten uansett vêr, seier ho til nh.

- Symjing er for alle

At ho meldte seg på symjefestivalen i Sogn er ikkje tilfeldig.

- Symjing har alltid vore mi greie. Eg vaks opp med sjøen, og lærte det tidleg. Og då eg høyrte om konkurransen, var eg heilt sikker på at dette måtte eg prøva, seier ho til nh.

I forkant av festivalen har det unekteleg vorte nokre ekstra timar i sjøen, og dette er noko ho kan anbefala for alle.

- Å symja er god trening, der du får brukt heile kroppen. I vatnet er du også nesten vektlaus, så dette passar også for tyngre menneske. Dessutan er det ein effektiv slankemetode. Sjølv har eg gått ned fleire kilo som følgje av symjinga, seier ho med eit smil.

Artikkeltags