Statsråden tok dagens trim i Brekkeløypa

CELEBERT BESØK: Anne-Grete Strøm-Erichsen gjekk denne veka den populære Brekkeløypa i Knarvik, saman med mellom andre mannen trimløypa på folkemunne er oppkalla etter, nemleg Helge Brekke sjølv. Til høgre: ordførar Astris Aarhus Byrknes. (Foto: Irene Bratteng Jenssen)

CELEBERT BESØK: Anne-Grete Strøm-Erichsen gjekk denne veka den populære Brekkeløypa i Knarvik, saman med mellom andre mannen trimløypa på folkemunne er oppkalla etter, nemleg Helge Brekke sjølv. Til høgre: ordførar Astris Aarhus Byrknes. (Foto: Irene Bratteng Jenssen)

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Tirsdag denne veka fekk distriktet besøk av helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Ministeren tok like godt fatt på Brekkeløypa saman med Knarvikmil-høvdingen sjølv, Helge Brekke.

DEL

Det var både vått og kaldt då helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) møtte opp utanfor Nordhordlandshallen tirsdag. Men det stod likevel ikkje på humøret.

– Dette blir bra, vi får berre kle oss opp med regntøy, seier ho.

Det var Helge Brekke som leda ann «marsjen», med Ottar Skår, ordførar i Lndås kommune, Astrid Aarhus Byrknes og Knarvikmila sin folkehelsekoordinator, Charlotte Nielsen like bak.

– Fin løype

– Eg har vore her i Lindås før, og synest det er like kjekt kvar gong, seier Strøm-Erichsen, som også skryt mykje over omgjevnadane og naturen i området.

Brekke guida gjengen gjennom Aktivitetsløypa, som blant folk flest er mest kjent som Brekkeløypa. Strøm-Erichsen, som tok turen til Lindås for å fremja idrett og uteaktivitetar som førebyggjande helsearbeid, tok seg også tid til å trena litt på vegen.

– Eg er imponert over kor stor Knarvikmila har blitt, og eg synest det er utruleg bra det som har blitt gjort her i området, seier ministeren.

Les om denne saka i papirutgåva av Nh.

Artikkeltags