Lindås kan tape 160 millionar på statsbudsjettet

Astrid Aarhus Byrknes.

Astrid Aarhus Byrknes. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Om forslaget frå regjeringa står, kan det verte trange år for både Lindås og Alver kommune.

DEL

For Lindås er det føreslåtte statsbudsjettet dårleg nytt av to grunnar.

Med berre 1,5 prosent auke i statlege overføringar frå 2017 til 2018, vil det bety at Lindås kommune får mindre å rutte med i det kommande året. Årsaka er at den generelle prisveksten er på 2,6 prosent. Dermed får Lindås kommune i prasksis eit kutt på 1,1 prosent frå staten for neste år.

Men det som truleg vert tyngst for Lindås dei neste åra, er forslaget om å endre eigedomsskatten på verk og bruk. Det kan bety opp til 160 millionar tapt for Lindås kommune, skriv BT.

Råkar tenester og infrastruktur

Akkurat kor stor sum Lindås ligg an til å tape er uvisst, sidan delar av skatteintektene frå Statoil si verksemd i kommunen er underlagt ein særskatt for petroleum, og det ligg føre ei eiga avtale mellom kommunen og Statoil. Uansett er det utvilsamt at den skatteendringa som regjeringa føreslår vert tungt for kommunen.

– For oss får dette store konsekvensar. Ikkje berre for tenestetilbodet, men også for infrastrukturen, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes til BT.

Tungt med samanslåing

Også rådmann Ørjan Raknes Forthun ser ifølgje BT mørkt på situasjonen dersom forslaget får medhald i Stortinget, særleg sidan kommunesamanlåinga allereie utgjer ein omfattande og krevjande omstillingsprosess for dei involverte kommunane.

Regjeringa foreslår at skatteletta får verknad frå 2019, med ein overgangsperiode på fem år, skriv BT.

I så fall vil inntektstapet tre i kraft året før Alver kommune vert etablert i regionen.  Sidan Lindås er den av dei tre samanslåingskommunane som har klart størst økonomi, vil eit tungt kutt i Lindås påverke økonomien i den nye kommunen i stor grad.

Ikkje første gong

Astrid Aarhus Byrknes svarar med å foreslå at eit lovutval ser på heile den kompliserte eigedomsskattordninga for denne typen industrianlegg, og minnar om at det ikkje er første gong dette forslaget kjem opp, skriv BT.

Artikkeltags