I den ferske budsjettavtalen er dei borgarlege partia samde om å innføre ei ny grense for kor mange elevar det kan vere i klassene i barneskulen, skriv Firda onsdag kveld.
Den såkalla lærarnorma har vore eit stridstema under budsjettforhandlingane, og KrF har kjempa hardt for å få innført ei slik grense.
Mellom anna i Sogn og Fjordane har dette vore eit tema, der lærarar fortvilar over at dei har for mange elevar å ta hand om.
Ifølge NRK er dei fire borgarlege partia samde om å innføre ein lærarnorm som sikrar maksimalt 16 elevar i 1. til 4. klasse, og maksimalt 21 elevar i 5. til 7. klasse frå og med hausten 2018.
Frå hausten 2019 skal talet visstnok justerast til høvesvis 15 og 20.

Les også
Fråtatt eigedomsskatten på verk og bruk: – Eg er veldig, veldig skuffa

Les også
Fyrste dag som lærar for Ingvild: – Ja, eg er litt spent