Statoil kuttar rundt 500 årsverk

Statoil og direktør Eldar Sætre skal nedbemanne med rundt 500 årsverk. Foto: AP/NTB Scanpix

Statoil og direktør Eldar Sætre skal nedbemanne med rundt 500 årsverk. Foto: AP/NTB Scanpix Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Kutta kjem på sokkelen - ikkje på Mongstad.

DEL

Statoil-leiinga varslar eit stillingskutt tilsvarande 350 årsverk. I tillegg ventar fagforeiningane kutt på ytterlegare 212 årsverk.

Pressekontakt Morten Eek i Statoil stadfestar at det er planlagt ei nedbemanning tilsvarande 350 årsverk, skriv Stavanger Aftenblad.

I tillegg opplyser Industri Energi, Lederne og Safe at det er lagt opp til ein ytterlegare reduksjon på 212 årsverk.

– I utgangspunktet ligg det til grunn ei beslutning om å redusere i underkant av 500 årsverk i løpet av dei neste tre åra, seier Per Steinar Stamnes i Industri Energi.

Fryktar for vedlikehaldet

Statoil håpar å kunne gjennomføre nedbemanninga utan oppseiingar og sluttpakkar, men gjennom naturleg avgang. Alle fagforeiningane er sterkt kritiske til stillingskutta og fryktar dei blant anna skal gå ut over sikkerheita ved selskapet sine installasjonar offshore.

– Tilsette må jobbe dobbelt så fort som tidlegare. Dette vil gå ut over vedlikehaldet, seier Terje Herland, tillitsvalt i Lederne i Statoil.

I dag er det om lag 4.000 tilsette i Statoil i sokkelbemanninga, Utvikling og produksjon Norge (UPN). Blant desse er det også landtilsette.

Gjeld ikkje Mongstad

Informasjonssjef ved Statoil Mongstad, Jon Halstein Tjore, ber Avisa Nordhordland kontakte Statoil sentralt for å få kommentarar i saka.

Overfor Avisa Nordhordland stadfestar kommunikasjonssjef Morten Eek at raffineriet på Mongstad ikkje er ein del av kuttplanane.

– Dette handlar om sokkelbemanninga, og har ingenting med landbemanninga å gjere, seier Eek til Avisa Nordhordland.

Artikkeltags