Statoil-kontrakt sikrar 80 arbeidsplassar på Mongstad

Kontrakten er antyda å ha ein verdi på kring 140 millionar kroner.

Kontrakten er antyda å ha ein verdi på kring 140 millionar kroner. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Industriservice-selskapet Veltec AS har fått vidareført ei kontakt med Statoil Petroleum for to nye år.

DEL

Det skriv Veltec AS i ei pressemelding fredag føremiddag.

Selskapet har i dag sysselsett kring 80 personar lokalt på Mongstad på denne kontrakten.

Den nye kontrakten er ein forlenging av ein kontrakt for vedlikehald og mindre modifikasjonar på Mongstad, som no blir utvida for to nye år frå 1. januar 2018 til 31. desember 2019.

– Kontraktverdien for perioden er venta å vere kring 140 millionar kroner, opplyser administrerande direktør Richard Cornell i pressemeldinga.

Artikkeltags