Skal granske Mongstad etter lekkasje

Artikkelen er over 1 år gammel

Torsdag reiser representantar frå Petroleumstilsynet til Mongstad for å granske lekkasjen tysdag, melder NRK.

DEL

Tysdag morgon vart Statoil sitt anlegg på Mongstad stengt og over 100 tilsette evakuert då det oppstod ein lekkasje i ei pumpe i anlegget.

Stoffet som lak ut er kalla nafta, og er det same som vert nytta som White spirit. Stoffet er svært brennbart og eksplosivt.

Petroleumstilsynet ser på hendinga som alvorleg, og reiser torsdag til Mongstad for å gjere eigne undersøkingar og sette i gong ei gransking av lekkasjen, melder NRK. Ifølgje NRK er dette sjette gong ein alvorleg lekkasje oppstår på anlegget frå 2016 til i dag.

Statoil har også starta ei intern gransking av episoden.

Ingen personar kom til skade i hendinga, som kom under kontroll tidleg tysdag føremiddag.

Artikkeltags