Statoil: Mongstad-lekkasje kunne ført til dødsulykke

Hendelen på Mongstad i oktober i fjor kunne fått fatalt utfall, konkluderer Statoil.   Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Hendelen på Mongstad i oktober i fjor kunne fått fatalt utfall, konkluderer Statoil. Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Ein hydrogenlekkasje på Mongstad i Hordaland i oktober i fjor kunne fått dødeleg utfall, ifølge Statoil sin eigen granskingsrapport.

DEL

Det samme gjeld ei hendeing på Trollfeltet.

Granskingsgruppa har klassifisert hendinga 25 oktober som alvorlegheitsgrad gul, men understrekar at den ved «ubetydelig endra omstende» kunne ha vore ei dødsulykke, klassifisert som alvorlegheitsgrad «raud 1».

LES OGSÅ: Står føre gigantinvesteringar på Mongstad

– Ville ikkje klart å rømme

«Dersom lekkasjen hadde antent, ville det oppstått ein umiddelbar flashbrann med påfølgande kontinuerleg jetflamme som hadde truffe stillasgolv og spreidd seg utover og oppover i ei viss utstrekning. Personell tilstades ville ikkej ha klart å rømme raskt nok, med den følge at utfallet sannsynlegvis kunne blitt fatalt for ein til fleire personar», heiter det.

LES OGSÅ: Statoil har innført fleire strakstiltak for å betre IT-tryggleiken

Granskinga etter hendinga peikar på utvendig korrosjon som utløysande årsak. Blant dei bakenforliggande årsakene trekk rapporten fram feilprioritering av overflatevedlikehald som følge av manglande risikoforståing.

Rapporten blei lagt fram fredag, og den er også oversendt Petroleumstilsynet. Det samme gjeld ein rapport om ei hending knytta til brønnkontroll på Trollfeltet 15. oktober, altså ti dagar før lekkasjen på Mongstad.

LES OGSÅ: Olje frå nytt felt til Mongstad

På Trollfeltet

«Brønnkontrollhendinga førte til ein gasslekkasje som skyvde sjøvatn meir enn 30 meter opp i boretårnet, før brønnen blei stengt med ringromsventilen i utblåsningssikringa (BOP) etter om lag eitt minutt. Statoil si interne gransking av hendinga definerer alvorlegheitsgraden som høg og konkluderer med at den i verste fall kunne medført tap av menneskeliv dersom sikkerheitsutstyret ikkje hadde fungert slik det skulle, eller dersom gassen hadde antent. BOP-en blei raskt aktivert og stoppa gasslekkasjen, og fem gassdetektorar slo automatisk av utstyr som kan forårsake gnistar», opplyser oljeselskapet.

LES OGSÅ: Mongstad - bygda som forsvann for industrieventyret

– Vi ser alvorleg på begge desse hendingane. Åpenheit er vesentleg for sikkerheitsarbeidet og granskingsrapportene er eit viktig bidrag til at vi lærer av hendingane. Skal vi fatte dei riktige avgjerdene og iverksette dei rette tiltaka, må vi ha alt på bordet, seier Margareth Øvrum, Statoils konserndirektør for Teknologi prosjekter og boring.

Artikkeltags