– Eg hugsar at flammane gjekk oppover i luftkjølaren, og den svarte røyken som breidde seg

MANGE ÅR PÅ STATOIL MONGSTAD: Edmund Synnevåg og Jostein Areklett har lang tid bak seg som tilsette på raffineriet. – Det er kjempekjekt å sjå igjen tidlegare kollega, seier Synnevåg.

MANGE ÅR PÅ STATOIL MONGSTAD: Edmund Synnevåg og Jostein Areklett har lang tid bak seg som tilsette på raffineriet. – Det er kjempekjekt å sjå igjen tidlegare kollega, seier Synnevåg.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Det er utruleg kor mykje ein opplever på ein slik arbeidsplass. Både når det gjeld oppturar og nedturar, seier pensjonist Edmund Synnevåg.

DEL

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

Synnevåg jobba på Statoil Mongstad i 39 år. Då han starta i 1974 var namnet «Raffinor».

– Eg har tatt vare på adgongskortet eg fekk i 1978, og har det faktisk med meg her i dag. Det er jo litt gøy å visa fram, seier pensjonisten, som synest det var stas å verta invitert til 40-årsjubileet i Grieghallen.

– Det er kjempekjekt å sjå igjen tidlegare kollega.

LES OGSÅ: – Eg skal verkeleg bevisa at eg har fortent læringplassen!

Hugsar brannen i 1975

Av alt som har skjedd i løpet av alle dei åra Synnevåg jobba på raffineriet, hugsar han brannen i 1975 aller best.

– Eg heldt på å reparera ei pumpe i råoljeanlegget, og gjekk for å eta lunsj. I mellom-tida hadde tvillingpumpa tatt fyr. Eg hugsar at flammane gjekk oppover i luftkjølaren, og den svarte røyken som breidde seg. Det var kolossalt kor snart alt skjedde, minnest han.

Synnevåg fortel at dei brukte tre månader på å reparera og bygga alt opp igjen.

– Folk stod verkeleg på heile tida. Då alt var oppe og gjekk, var det god stemning igjen, seier han.

Synnevåg, som er fødd og oppvaksen på Austrheim, minnest sin tidlegare arbeidsplass med varmt hjarte.

– Det er ein bra og triveleg arbeidsplass, og det er klart eg er stolt over å ha jobba der, seier den tidlegare vedlikehaldsformannen

LES OGSÅ: Arnvald (72) var med på å fjerna gardane på Mongstad

Måtte flytta frå garden

Jostein Areklett var ein av dei som måtte flytta då raffineriet skulle byggast opp. Den gongen var han 27 år.

– Det er ikkje så lett å beskriva korleis det var å få beskjed om at ein må flytta frå barndomsheimen sin, men det var jo rart. Vi vart lamslåtte, seier Areklett, som jobba på Statoil Mongstad i 26 år. No er han pensjonist.

– Det er klart det var ei omvelting for alle dei som plutseleg måtte flytta frå heimane sine. Det var trasig å sjå barndomsheimen sin verta rasert. Det var tøft for meg, men eg tenkte meir på foreldra mine, som hadde budd på den vesle garden på Mongstad heile livet og plutseleg måtte flytta, seier Areklett.

Sjå bildeserie frå Statoil Mongstad sitt 40-årsjubileum:

Artikkeltags