Statoil Mongstad kan spara 20 millionar årleg

LIKE VILKÅR: - Det viktigaste for oss er at vi kan konkurrera på like vilkår, seier direktør i Statoil Mongstad, Rasmus Wille (midten). Stortingsrepresentantane Torill Eidsheim (H) og Gjermund Hagesæter (FrP) tok turen til Mongstad i dag for å overbringa den gode nyheiten.

LIKE VILKÅR: - Det viktigaste for oss er at vi kan konkurrera på like vilkår, seier direktør i Statoil Mongstad, Rasmus Wille (midten). Stortingsrepresentantane Torill Eidsheim (H) og Gjermund Hagesæter (FrP) tok turen til Mongstad i dag for å overbringa den gode nyheiten. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Eit lovforslag som fritek norske oljeraffineri for elsertifikatplikt vert no sendt ut på høyring.

DEL

For Statoil Mongstad vil dette innebera ein kostnadsreduksjon på om lag 20 millionar kroner årleg om lova vert vedteke, med verknad frå 2016. Stortingsrepresentantane Torill Eidsheim (H) og Gjermund Hagesæter (FrP) tok turen til Mongstad i dag for å overbringa den gode nyheiten.

– Dette er første gong ei regjeringa har kome med ei sånn avgiftslette for norske raffineri, og det er eg veldig glad for at vi har fått til. Dette er noko vi har jobba lenge med, seier Hagesæter. Han seier jobben ikkje er sluttført med dette.

LES OGSÅ: Johan Sverdrup-utbygginga vil skapa 51.000 årsverk

– Vi må òg sjå på dette med CO2-avgifta som er særnorsk og ei ekstra belastning for Statoil Mongstad. Ein bør òg vurdera eigedomsskatten som Lindås kommune krev inn, om dei kan redusera den for å letta trykket og trygga arbeidsplassane, seier han.

Ringverknader
Torill Eidsheim er oppteken av ringverknadene dette kan ha.

– Vi må ikkje gløyma at Mongstad og Statoil på mange måtar er navet for vår region. Det som skjer både positivt og negativt knytta til Mongstad får ofte ringverknader, både for verksemder som jobbar opp mot det som skjer her, og for investeringsviljen. Vi er avhengige av investeringsvilje til å satsa på relatert eller ny virksomhet som kan komma i kjølvatnet, seier Eidsheim.

Direktør for Statoil Mongstad, Rasmus Wille, meiner lovendringa er eit viktig steg i riktig retning.

På like vilkår
– Dette er viktig for Statoil. Norsk industri konkurrerer i ein tøff internasjonal marknad. For å klare det må vi kunne spela etter dei same reglane som dei andre. Kort fortald er det vanskeleg å vinna fotballkampar med ni spelarar på bana når dei andre har elleve. Det er eit viktig og positivt skritt i riktig retning som vi set stor pris på, vi treng verkeleg hjelp frå den kanten òg. Det viktigaste for oss er at vi kan konkurrera på like vilkår, seier Wille.

LES OGSÅ: – Dette er heilt fantastisk. Eventyrleg!

Han seier det er viktig å jobba vidare med andre tiltak, og nemner redusert eigedomsskatt som eit døme.

– Nivået på eigedomsskatten vi betaler ligg fire og ein halv gong høgare enn gjennomsnittet i Europa, seier Wille Samanlikna med Danmark er nivået ti gonger høgare.

Ti meter bak
– Desse særnorske avgiftene gjer at vi startar ti meter bak alle våre konkurrenter, det er ei utfordring, vi må ha samme utgangspunkt, seier han.

Utfordringar i marknaden fører og til press på raffineria, og gjer det endå meir kritisk med avgiftslette akkurat no enn det har vore før.

– Dei siste åra har det blitt endå tøffare å driva raffineri i Europa. Rundt 15 raffineri i Europa er blitt stengt dei siste par åra. Det er truleg fleire som må stenga før det kjem ein god balanse i marknaden, og nettop difor er det så vikig å kunna konkurrera med dei beste, og det har Statoil Mongstad gode føresetnader for å gjera, seier Wille.

Vi kan heller ikkje utelukka ytterlegare nedtur i verdsøkonomien. Ein må vera førebudd på det vi ikkje ønsker skal skje. Då er det desto viktigare å vera rusta i høve til det, seier Hagesæter.

– Det vi sjølv kan påverka på alle kostnivå og på all inntjening, kombinert med lettingar i skattar og avgifter er dei to tinga som saman kan gjera oss godt rusta mot framtida, difor er begge desse områda viktig å ha fokus på for oss, seier Wille.

LES OGSÅ: Tar utgangspunkt i Formel 1

Artikkeltags