Står klare til å redda liv i helga

KLARE?TIL?INNSATS:?Heile denne helga er det denne gjengen som står klar til å rykka ut i Lindås og Meland. Frå Venstre ser vi Geir Vatnøy, Ivar André Kvalheim Medaas, Aleksander Kjeseth, Rolf Tufte, Ole Westervik Vetås, Gjert Holtan og Ingvar Leksen.

KLARE?TIL?INNSATS:?Heile denne helga er det denne gjengen som står klar til å rykka ut i Lindås og Meland. Frå Venstre ser vi Geir Vatnøy, Ivar André Kvalheim Medaas, Aleksander Kjeseth, Rolf Tufte, Ole Westervik Vetås, Gjert Holtan og Ingvar Leksen. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

– Det verste er å komma til ulykker med unge menneske involvert. Dei har heile livet framføre seg. Eg tykkjer det er urettferdig, rett og slett.

DEL

I den fyrste dødsulykka Rolf Tufte rykka ut på, døde kompisen hans. Det fann han ikkje ut før han kom heim seinare den dagen.

– Eg har berre rykka ut til ei dødsulykke. Då måtte vi hjelpa brannvesenet i Bergen på Hylkje. Der var det ein eg kjende som omkom. Men det visste eg ikkje då, eg såg ikkje så nøye på vedkomande som var der. For ein er så fokusert på å gjera det ein har lært, at det var fyrst då eg kom heim og såg på Facebook at eg fann ut kven som hadde mista livet.

Kollegaprat i ettertid viktig

Det seier Rolf Tufte.

Han er ein av 45 deltidstilsette brannmenn i Lindås og Meland, og må ofte rykkja ut til alvorlege bilulykker i distriktet vårt.

LES OGSÅ: Politiet: – Me har ikkje godt nok samband i dei lengste tunnelane

Tal som Nordhordland presenterte i onsdagsavisa viser at dei siste ti åra har 22 menneske mista livet i trafikkulykker i Nordhordland og Gulen.

Dei aller fleste av ulykkene skjedde i Lindås og Meland.

– Dødsfallet gjekk ganske hardt inn på meg, utan tvil. Men debriefen vi hadde etterpå hjelpte meg svært godt, seier Tufte.

Avisa Nordhordland møter eit av vaktlaga til brannvesenet i Lindås og Meland i det dei byrjar på vakta si, mandag ettermiddag.

På dagtid er det profesjonelle brannfolk som er på vakt, men kveld, natt og i helgene er det frivillige som jobbar i 20 prosent stilling som har ansvaret for å rykka ut om huset ditt brenn eller du hamnar i ei bilulykke.

LES OGSÅ: Her har fjorten mista livet på tolv år

Dei er alt frå lærarar til nordsjøarbeidarar, og dei opplever mykje vondt, men og mykje fint i jobbane sine som brann- og redningsmenn.

E39 og Fylkesveg 57 er peika ut som høgrisikovegar i distriktet vårt. Tal frå det lokale brannvesenet viser at i tida frå år 2000 til mai 2012 vart heile 49 personar svært eller alvorleg skadde etter bilulykker. Det er høvesvis 32 på E39 og 17 på FV 57.

263 personar er lettare skadde på dei to aktuelle strekkane i same tidsperiode.

Set djupe spor

Det betyr at det er ganske mange forferdelege synsinntrykk dei 16 heiltidstilsette og dei 45 deltidstilsette brannfolka får i løpet av si tid som redningspersonell.

LES OGSÅ: Sterk melding til Russ 2013: – Ver så snill, la oss sleppa og klippa deg ut av eit vrak

Mange av hendingane set djupe spor hjå dei.

– Det verste er å komma til dødsulykker med unge folk involvert. Dei har heile livet framføre seg. Eg tykkjer det er urettferdig, rett og slett, seier brannsjef Gjert Holtan.

Han har jobba som brannmann i 25 år. I over ti av dei har han vore brannsjef.

– Det er like tøft kvar gong vi rykkjer ut. Det er like tøft å sjå ungdommen i auga i etterkant. Og dei samlingane dei har i etterkant, og å sjå dei står der og sørga ..., seier han, og let orda henga i lufta.

Enkelte hendingar set djupare spor enn andre hjå karane.

– Eg hugsar særleg ei sprengingsulykke på Tredalsægga vi rykka ut på tidleg på 90-talet. Der var det unge to personar som omkom, og eg sat med han eine i tjueåra. Det var ein tøff skadestad å komma til. Men etter at vi var ferdige med jobben, var det å reisa tilbake på jobben som gullsmed, vaska av meg blod, eta litt mat og jobba vidare. Det kjem eg aldri til å gløyma, og eg tenker på han guten kvar gong eg køyrer forbi staden i dag, seier brannsjef Gjert Holtan.

– Eg trur faktisk eg spydde då eg kom heim den kvelden, seier han.

– Den hendinga sit knallhardt i meg, legg han til.

Heile saka kan du lesa i dagens papiravis eller du kan kjøpa e-avis her!

Artikkeltags