Gå til sidens hovedinnhold

Evie (16) hylla med minnepris

Friidrettstalent tildelt Cato Plettens minnefond

Artikkelen er over 4 år gammel

Evie Kalnes Dencker (16) har fått Cato Plettens minnepris. Ho får prisen mellom anna for si store satsing og sterke prestasjonar på friidrettsbana.

16 år gamle Evie Kalnes Dencker satsar stort på løpsdistansar, der ho har utmerka seg med sterke resultat mellom anna på 400 m og 800 m. Ho gjer det også godt på andre disiplinar på friidrettsbana.

Minnefondet vart overrekt under Radøy ungdomsråd og RS-Ung Radøy sin vassaktivitetsdag på Sletta-kaien. Til stades var ordførar Jon Askeland, og familien til Cato Pletten, det lovande fotball- og idrettstalentet frå Radøy som døydde i ung alder.

Trenar mykje

Evie vart nominert av Radøy Ungdomsråd på grunn av den store satsinga og dei gode resultata og prestasjonane i ung alder.

I juryen si grunngjeving blir det også framheva at ho legg mykje tid og innsats i idretten sin, og trenar til vanleg sju dagar i veka – av og til med ein fridag – men ikkje utan innlagt styrketrening.

Evie trenar tre gonger i veka i Åsane, og nokre gonger i Bergen. Det har med andre ord blitt mange lange reiser frå Sletta for å trena.

Vart overraska

Ungdomsrådet har også framheva at Evie er ei positiv jente, som er snill mot dei andre rundt seg. Ho var sjølv med og hjelpte til på vassaktivitetsdagen på Sletta torsdag. Ho vart overraska over utdelinga av prisen, men synest det var kjempegøy.

– Eg er svært glad for å få prisen, seier Evie.

Ho fortel at ho vil bruka stipendet til å kjøpa utstyr og treningsklede, slik at det kan vera med å styrka og utvikla karrieren som idrettsutøvar.

Stipendet frå minnefondet er på 3000 kroner.

Les også

Politikarane snur i vedtak om forbod mot gummikuler

 

Sterke plasseringar

Evie har deltatt på mange ulike stemne der ho har oppnådd høge plasseringar. Ho har vore med på junior-NM to gongar, og ein gong i NM der ho fekk 3.-plass i si aldersgruppe.

Noko Evie hugsar godt frå karrieren sin er Ungdomsmila i Knarvik i 2014, der ho kom på 1.-plass.

Evie begynte med friidrett fordi ho vart med på trening ein gong med ein venn, og likte det veldig godt. Ho seier at idretten gir ho mykje tilbake og at ho trivst godt fordi det er bra fellesskap i sporten.

Les også

Har hatt nedgang to år på rad: Slik skal Knarvikmila få opp deltakinga

 

Kommentarer til denne saken