Gå til sidens hovedinnhold

Tommy til topps i Spania etter storspel

Artikkelen er over 3 år gammel

Slo kinesisk verdenseinar i semifinalen.

Tommy Urhaug gjekk heilt til topps i Spania Open for funksjonshemma denne veka. Radværingen var uslåeleg i dagens finale.

– Yes, revansje frå Rio, jubla Tommy etter å ha slått kinesaren Ning Ning 3-1 i semifinalen tidlegare på dagen.

I finalen mot tyrkiske Hamza viste Tommy musklar og vann 3-0.

Tommy kom i ei tøff innleiande pulje, og gjekk første dag på eit 2-3 tap mot regjerande Asia-meister frå Kina. Dermed måtte han slå tyrkiske Ali for å gå vidare frå puljespelet.

Les også

Tommy Urhaug har signert for tysk klubb

Tommy drog i land ein 3-2 siger etter mykje bra spel. Dermed var han klar for semifinalen, og der slo han altså verdseinaren Ning Ning. Og i finalen vart det 3-0 siger mot tyrkiske Hamza.

– Eitt av hovudmåla med turneringa i Spania var å få spelt mot dei kinesiske toppspelaren. Perfekt å få møta begge, seier Tommy på Facebook.

Ei godt gjennomført turnering av Radøy-spelaren, som no også gjer stor suksess for sin klubb i den tyske toppserien i bordtennis.

Les også

Tommy satsar mot Tokyo-OL i 2020

Kommentarer til denne saken