– Det har vorte utruleg fint

HOPPANDE GLAD: Ina Sundsbø (12), Emma Sofie Risøy (11) og Anna Lervåg (13) er storfornøgd med den nye idrettsplassen på Lindås. – Alt vert så mykje betre, for no treng vi ikkje lenger å spela på grusbana, eller reisa heilt til Seim for å ha ei bana å spela på når vi skal på fotballtrening, seier Emma Sofie

HOPPANDE GLAD: Ina Sundsbø (12), Emma Sofie Risøy (11) og Anna Lervåg (13) er storfornøgd med den nye idrettsplassen på Lindås. – Alt vert så mykje betre, for no treng vi ikkje lenger å spela på grusbana, eller reisa heilt til Seim for å ha ei bana å spela på når vi skal på fotballtrening, seier Emma Sofie Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Søndag ettermiddag var det offisiell opning av Lindås idrettsplass. – Vi kjem til å tilbringa mykje tid her i åra framover.

DEL

Det seier Ina Sundsbø (12), Emma Sofie Risøy (11) og Anna Lervåg (13), som er strålande fornøgde med det nye idrettsplassen på Lindås. Spesielt er dei glade for å få ei ny fotballbane å spela på.

– Alt vert mykje betre

– Eg har brukt den nye fotballbana nesten kvar dag sidan den stod ferdig, seier Anna, som saman med Ina og Emma Sofie speler fotball i Lindås IL.

– Alt vert så mykje betre, for no treng vi ikkje lenger å spela på grusbana, eller reisa heilt til Seim for å ha ei bana å spela på når vi skal på fotballtrening, seier Emma Sofie.

Dei tre jentene er heilt sikre på at idrettsplassen vert mykje brukt.

– Vi kjem til å tilbringa mykje tid her i åra framover, det er det inga tvil om, seier Ina.

13 millionar kroner

Lindåsordførar Astrid Aarhus Byrknes var til stades på den offisielle opninga, og ho var både stolt og glad for å kunne vera med å opna det nye idrettsanlegget, som har kosta til saman 13 millionar kroner.

– Alt vi ser rundt oss er utarbeida i samband med Lindås idrettslag, seier Aarhus Byrknes, som nytta anledninga til å hylla det frivillige arbeidet og alle eldsjelene i Lindåsbygda.

– Frivilligheta er stor her på Lindås, og det er det som gjer at denne bygga er unik. Rikdommen i ommunen er nettopp det frivillige arbeidet som vert gjort, seier ho.

– Alt ligg til rette

Anlegget på Lindås vart bygd i 1976 med ei grusbane og ei løpebane rundt.

– Når vi ser korleis det har blitt i dag forstår vi alle saman at det var på tide med eit løft for dette anlegget, seier Aarhus Byrknes.

Det nye idrettsanlegget på Lindås består av splitter ny kunstgrasbane, løpebane, sprintbane, kastering for kule, hoppegrop, område for rulleskøyte og rullebrett og aktivitetsområde for tennis og badminton, volleyball og basketball.

– Alt ligg no til rette for eit løft for friidretten, for folkehelse og aktivitet på Lindås. No er det opp til dokkar å bruka dette anlegget, slik at vi får masse aktivitet her, seier ordføraren.

Artikkeltags