Elin er kåra til årets handball-eldsjel

Elin Skråmestø Hinriksson er kåra til årets eldsjel i Handballforbundet region Vest.

Elin Skråmestø Hinriksson er kåra til årets eldsjel i Handballforbundet region Vest. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Elin Skråmestø Hinriksson blei i helga kåra til årets eldsjel i Handballforbundet region Vest.

DEL

– Eg vart både rørt og glad og svært overraska då eg høyrte namnet mitt vart lese opp. Dette hadde eg slett ikkje forventa, seier Elin, som legg til at ho synest det er utruleg kjekt og flott at Knarvik-handballen blir sett i denne samanheng.

Elin er i dag trenar og sportsleg leiar i klubben sin, eit verv ho har hatt frå 2012. Ho har vore engasjert i handballgruppa i Knarvik IL også i fleire år før den tid. Gjennom sitt arbeid som sportsleg leiar har Elin Skråmestø Hinriksson jobba for å vidareutvikla både trenarar og spelarar i klubben med t.d. vidareutdanning, støtte og tilrettelegging.

–  Ho er genuint interessert i å skapa handballglede og engasjement. Ho blir også omtalt som raus, engasjert, og alltid tilgjengeleg for andre, heiter det i grunngjevinga for tildelinga av prisen. Klubben hennar, Knarvik handball, fortel at ho er ein nøkkelperson i drift og vidareutvikling av handballen i klubben.

Avgjerande for veksten

I grunngjevinga vert det trekt fram at Elin sitt engasjement har vore avgjerande for å få til den veksten som har skjedd i Knarvik IL dei siste åra. Frå omlag 30 aktive spelarar i 2010 fordelt på to lag, til meir enn 160 aktive spelarar i 2017 fordelt på lag i alle årsklassar mellom 2010 til 2002, samt eit eige damelag. Dette er ei tvikling og reise som Elin har vore ei sterk drivkraft i.

Kubjøller på kamp

Elin arrangerer minihandballcupar internt i klubben for å skapa engasjement og handballglede for dei minste spelarane i klubben. Ho stiller som supportar på handballkamper både heime og borte, og med seg har ho då kubjøller ho har henta frå løa heime på Askeland på Radøy, malt i riktige Knarvik-farger.

Årets eldsjel er mor til to jenter, på ni og tre år, og jentene har fått handball og dugnad inn med morsmjølka. Då klubben i 2013 streva med å finna ny kasserar til styret, så engasjerte Elin familien og fekk med seg far sin, Jostein Skråmestø til å ta dette vervet.

Tar mannen ut på middag

Prisen er på 5000 kroner og vart delt under NHF Region Vest sin klubbkonferanse.

– Pengane skal eg dela med mannen min, som tar seg av alt i heimen når eg er rundt på møte og kampar. Kanskje me tar ei helg i Bergen og går på konsert og tar ein betre middag, seier Elin.

Artikkeltags