Team Mjømna regjerer over Kongeløpet med heilt konge stil

Team Mjømna regjerer over Kongeløpet også i år.

Team Mjømna regjerer over Kongeløpet også i år. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

«Aldri meir!», erklærte Team Mjømna etter eit sviande nederlag for Team Eivindvik for fire år sidan. Med sponsorar, manager, presseansvarleg og ein NM-løpar med på laget har dei lagt lista for Kongeløpet i Gulen.

DEL

– Vi er veldig seriøse, seier presseansvarleg for Team Mjømna, Geir Mjømen. Tonen viser at han meiner det motsette.

Laget toppa i helga Kongeløpet i Gulen, som dei har gjort sidan det bitre tapet for Team Eivindvik. Laget stikk seg fram, ikkje berre på resultatlistene, men i heile tilnærminga til løpet. I tillegg til å hente inn sterke løparar frå Bergensregionen, tek laget med seg heile pakken av gimmick og drama frå den beste toppidretten rett inn i Gulen.

– Vi prøver å lage litt show og hadde sponsortur med 50-fots båt. Vi har fire sponsorar, men eg veit ikkje kva dei sponsar eigentleg, anna enn sine eigne klistremerke. Kanskje noko treningsklede. Det er berre for å sjå proff ut, seier Mjømen og ler.

Manager hadde dei også, fram til han vart sparka for å ikkje kunne møte til løpet i år.

Og kva ville idretten vore utan ein levande ryktebørs? Etter løpet heldt laget pressekonferanse der det vart spekulert i nysigneringar inn mot neste sesong.

– Det skjer mykje på bakrommet. Vi vurderer å kjøpe nokon frå Team Tyløy og snakka litt om det på pressekonferansen. Vi har jo både skjorte og tights, Team Tyløy har berre caps. Men eg veit ikkje om det vert noko av, seier presseansvarleg.

Med 13 kilometer er løypa ikkje så lang, men terrenget er kupert og kan vere krevjande.

Med 13 kilometer er løypa ikkje så lang, men terrenget er kupert og kan vere krevjande. Foto:

– Sjå kva vi klarar

Kongeløpet starta i 2013 og strekk seg over 13 km frå Byrknes heilt vest i Gulen til Skjerjehamn. Løpet går over bruer og øyer, i knudrete kystlandskap. Dei siste to åra har det også vore arrangert ein kongemarsj på fire kilometer frå Randal til Skjerjehamn.

Løpet er eit samarbeid mellom Ytre Gulen idrettslag og Skjerjehamn, der idrettslaget tek hand om det sportslege, medan Skjerjehamn legg til rette for det sosiale kring løpet, inkludert ein kveld med sjømat og dans etter løpet.

Merete Ånneland Misje er leiar i Ytre Gulen idrettslag. For henne er høgdepunktet å sjå alle deltakarane samla til premieutdeling under kongestatuen.

Å sjå alle samla under kongestatuen er eit høgdepunkt under Kongeløpet.

Å sjå alle samla under kongestatuen er eit høgdepunkt under Kongeløpet. Foto:

– Det er då vi kan sjå kva vi klarar å få til i vesle ytre Gulen. I går hadde vi ein kjekk dag og eit flott løp med god stemning, fantastisk vêr og flotte omgjevnader, seier ho.

Ifølge Misje, er det ikkje berre Team Mjømna som bidreg til ein lett og ledig stemning rundt løpet.

– Det er viktig for oss at det er eit uhøgtideleg, lite løp, samstundes som det vert litt gimmick og litt opplegg med drikkestasjonar, følgebilar og pressekonferanse.

Her er resultata:

Totalt var det 41 som sprang frå Byrknes og 47 som gjekk frå Randal til Skjerjehamn laurdag.

Frå venstre: Ørjan Nilsen, Svein Roar Kvamme og Torbjørn Grimen

Frå venstre: Ørjan Nilsen, Svein Roar Kvamme og Torbjørn Grimen Foto:

Svein Roar Kvamme på Team Mjømna vann herreklassen med tida 43.55. Det er ny løyperekord frå NM-løpar Kvamme, og nesten fem minutt betre enn nummer to, lagkamerat Ørjan Nilsen med tida 48.46.

På tredjeplass kom Torbjørn Grimen med tida 54.61.

– Han forbetra tida si med fire minutt frå i fjor og er den første lokale på resultatlista, seier Misje.

Grimen sprang saman med bror sin i Team Grimen Ung, som mellom anna konkurrerte med far og tante i Team Grimen Gamal.

Frå venstre: Jannike Lyngøy, Målfrid Valdersnes og Therese Vågenes.

Frå venstre: Jannike Lyngøy, Målfrid Valdersnes og Therese Vågenes. Foto:

For damene var det også to frå Team Mjømna i toppen. Målfrid Valdersnes vart best med tida 57.27 og Terese Vågenes klarte tida 1.02. På tredjeplass kom Jannike Lyngøy med tida 1.10.

– Det var veldig kjekt, for ho vart så glad og overraska. Ho sprang for Team Tyløy, som er ei lita øy her ute, fortel Misje.

Artikkeltags