Nordre Holsnøy tok årets første bortepoeng

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Spelte 2-2 borte mot Skjergard.

DEL

Nordre Holsnøy klarte endeleg å ta poeng på bortebane for første gong i årets sesong. På det fjerde forsøket.

Laga hadde kvar sin omgang i medvinden. Skjergard før pause og Nordre Holsnøy etter. Daniel Sørenes klarte å komme seg i bortelagets bakrom før han scora kampens første mål.

Bortelaget kom sterkt tilbake etter kvilen. Dei snudde kampen med to scoringar i løpet av tre minuttars spel. Kampens to siste scoringar kom på flotte headingar etter pent spel. Slik det ser ut i augneblinken styrer begge laga mot midten av tabellen.

Kampfakta

Skjergard – Nordre Holsnøy 2-2 (1-1)

6. divisjon, avdeling 03. 9. serierunde. Nesemyra stadion. Dommar: Bruno Esteban Rojas, Sandviken.

1-0: Daniel Sørenes (37.), 1-1: Selvmål (70.), 1-2: Mario-Alexander Bertheussen (73.), 2-2: Sørenes (80.).

Artikkeltags