Gå til sidens hovedinnhold

– Eg gjer mitt aller beste for å bevise for meg sjølv og andre at eg kan oppnå kva eg vil

Artikkelen er over 3 år gammel

Friidrett bli meir og meir populært. Nh Ung har tatt ein prat med nokre av dei som driv med det for å få svar på kvifor.

Ungdommar frå friidrettslaget AKS-77 trener hardt, gjer alltid sitt aller beste, men kva er det som gjer at dei kjem med eit smil om munnen på treninga?

– Friidrett er god trening, og det er eit veldig godt miljø. Eg gjer mitt aller beste for å bevise meg sjølv og andre om at eg kan oppnå kva eg vil, om eg gir alt eg har.

Det seier Jonas Nottveit (15) som har drive med friidrett sidan 6. klasse, og som er ein av kring 80 ungdommar som trenar friidrett på AKS-77. Totalt er 120 registrert som medlemmar i laget, og medlemstala har auka dei siste åra. Kor mykje medlemstalet eksakt har auka, er noko uvisst, då laget først i år byrja å registrere dette elektronisk.

Fleire medlemmar

– Det er fleire som er med, men ikkje alle har registrert seg inn i den nye elektroniske registreringssystemet. Grunna dette er det vanskeleg å seie kor mykje det har eigentleg økt, fortel Jarle Sæbø, leiaren for idrettslaget AKS-77.

Men han kan stadfeste at det har vore ei auke i medlemstalet blant dei under 15 år. 

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

 

Det sosiale er viktig

Sæbø har vore leiar i mellom sju og åtte år, og forklarar auka med med meir merksemd frå avisene, samt gode trenarar.

– No har vi 13 trenarar som er spesialiserte i dei ulike «retningane» innanfor friidrett. Sjølv om alt dei gjer er dugnad, er dei veldig flinke til å lære bort ulike teknikkar og til å motivere, fastslår leiaren.

AKS-77:

AKS-77 står for Alversund, Knarvik og Seim.

Dei tre friidrettslaga slo seg saman, og stifta  AKS-77 18. desember 1977.

 

Sæbø fortel at det sosiale, det at ungdom har venner på treninga, er det som driv dei til deira høgaste prestasjonar, samt at det er moro på trening.

– Folka gjev mykje krefter til å utvide mine ferdigheiter kvar trening, seier Cathrine Aasgård (17).

Stor variasjon

Ho har vore på friidrettslaget i over to år og likar treninga veldig godt, og fortel at det som driver ho til å gje alt, er venner ho har på treninga og trenarar som er flinke til å motivere.

– Det beste er at det finst så mange forskjellige friidrettsgreiner, så ein aldri kan kjede seg, fastlår ho.

 

Sjølv om det er snart 40 år sidan idrettslaget blei stifta, er treningsøktene stort sett dei same, men ut frå medlemstala og den auka interessa for friidretten, ser dette ut til å vere ei oppskrift som fungerer.

– Det viktigaste er å ha det gøy, uansett kva ungdommane driv med, fastslår Sæbø.

Martin brukar fritida på noko anna enn ungdom flest: – Eg likar den mentale kampen 

Kommentarer til denne saken