Dei har levd i 654 år, søskenflokken Hosøy på åtte. Du skal leita lenge etter maken. I helga kunne dei endeleg samlast igjen.

- Ja, det er kanskje litt spesielt at heile søskenflokken er oppegåande i ein såpass høg alder. Det er eit stort augneblikk å sjå alle igjen, seier 82 år gamle Johan Hosøy.

Den eldste av søskena er 86, den yngste 77 år. I løpet av ni år og tre månader hadde alle åtte sett dagens lys. Gjennomsnittsalderen i familien ligg på nesten 82 år.

Dei kom som perler på ei snor; Bergit Bertine (86), Dagny Amanda (85), Maria Susanne (83), Johan (82), Inga Alida (81), Ruth Josefine (80), Bjarne Oliver (78) og Gunnar Malvin (77).

Mykje å minnast

- Det var god tid til å minnast oppvekst og gamle dagar då søskenflokken samlast lørdag. Då feira dei både kvarandre og den yngste av søstrene, som rundar 80 i desse dagar.

- Det er ikkje så ofte alle er samla på eitt brett, så dette har vi sett fram til lenge, fortel jubilanten, Ruth Mellum.

- Vart folk av oss

Lørdag møtest dei i eit tidlegare bedehus, som son til Johan, Rune, som saman med kona Kate har overtatt og sett i stand til eit flott forsamlingslokale. Innvendig er det gamle preget og tømmarveggane ivaretatt.

- Vi levde under små kår, men lei ikkje naud. Det kunne verta trongt med ei lita stove og ein lem etter kvart som søskenflokken vaks til. Vi overlevde på sild og pote, og pote og sild, og fekk ein kjøtbit i ny og ne. Men det vart då folk av oss, seier Gunnar Hosøy, den yngste i den store søskenflokken.

Songglad familie

Rundt bordet går drøsen livleg, medan dei kosar seg med snittar, kaffi og kaker. Og etter ei stund fyller songen lokalet. ”Den fyrste song” og ”Gryta hennar mor” er kjende og kjære barndomsminne.

Fleire av søskenflokken har sunge i kor i mange år.

- Dette er ein songglad søskenflokk. Vi fekk songen inn med morsmjølka. Mor hadde ei flott stemme, ho song heile livet, fortel Ruth, som har budd 15 år i Canada.

- Ei fin tid, men eg bestemte meg for å reisa heim att etter at eg vart enke. Dessutan var det greitt å koma heim etter at også mor vart åleine, fortel ho.

Bur i Nordhordland

Dei fleste i søskenflokken bur i dag i Nordhordland. Ei av dei har overtatt barndomshuset, og tre andre bur like ved. Andre igjen bur på Ostereidet, i Gulen og Knarvik.

Den som bur lengst vekke er den eldste i flokken, Birgit (86) som har slått seg ned i Leikanger.

- Her er det ingen som kan seia kven som er eldste og yngst, seier Johan med eit smil.

Kjend notabas

Far til søskenflokken, Bertin, var ein kjend notabas. I sin ungdom var han med og berga eit skip i havsnaud utanfor Fedje, og fekk 5000 kroner i bergingsløn.

- Det var mykje pengar den gongen, seier dei tre karane i søskenflokken.

Med ein far som var mykje borte på fiske, måtte ungane tidleg vera med og hjelpa mora med gardsarbeidet.

- Med åtte ungar omtrent på rappen måtte det vera veldig strevsamt for ho mor, seier dei.

Kunne gått gale

Dei fortel også om dramatiske hendingar frå barndomen.

Som då Gunnar tre år gamal hamna i sjøen og vart berga av søstera på 11, som rett og slett fekk han til land ved hjelp av snøret på ei fiskestong.

- Eg hugsar ikkje noko av det, men slikt kunne skje når vi levde så nær sjøen og oppheld oss mykje i fjøresteinane, seier Gunnar.

Den store månaden

Januar er den store månaden i familien Hosøy. Både faren og halvparten av ungane er fødd i denne månaden.

I tillegg var det ein som kom til verda på sjølvaste nyttårsaftan. Dei er fem jenter og tre gutar, dei tre eldste er jenter.

- Det har blitt mange barn og barnebarn etter kvart. Ja, slekta har vorte stor, seier Johan Hosøy.

Sjå TV Nordhordland-reportasje her