Gå til sidens hovedinnhold

- Som å bli straffa for å skapa arbeidsplassar

Artikkelen er over 11 år gammel

Opplever å bli straffa.

- Eg bidrar gjerne til fellesskapen, men dagens skatteordning vert opplevd som å bli straffa for å satsa og skapa arbeidsplassar.

Det seier Rune Fanebust som er dagleg leiar for Manger Seafood på Manger. Onsdag hadde han besøk av stortingskandidatane Øyvind Halleraker og Torill Eidsheim frå Høgre. Dei fekk høyra om ei forholdsvis nystarta verksemd som måtta betala betydelege beløp i eigedomsskatt, trass i underskot dei første åra etter oppstarten.

Familiebedrift

Familien til Fanebust dreiv i mange år Manger Fiskemat AS, før selskapet gjekk saman med Iglo AS frå Haugesund. Etter få år flytta Iglo all produksjon til Haugesund, attende sat familien utan drift, men med eigedomane på Manger-kaien. Dei krumma ryggen og starta frå null att, og har sidan mai 2006 jobba fram Manger Seafood. I dag er det femten tilsette.

- Det har vore tøft, delvis dugnadsbasert og ei tid der dei tilsette har måtta bidra langt ut over kva ein har lov å forventa. I fjor fekk vi for første gong eit lite overskot, og i år ser det endå litt betre ut, fortel Fanebust.

Må skatta uansett

Det han reagerer på, er at det offentlege krev inn eigedomsskatt for bygningane på kaien uavhengig av korleis resultatet til verksemda er.

- Bygningane på kaien her eig vi fordi familien i alle år har drive nøkternt og betalt ned på gjelda når det har vore mogleg. Men at det står bygningar her gir ingen pengar i seg sjølv. Dei er dessutan spesialtilpassa fiskematproduksjon, det er ikkje berre å selja heller, seier han. Også den gamle røykeridelen, som i dag står tom, vert skattlagt.

Fanebust meiner skatten må vinklast inn på inntekt og resultat.

- Eg bidreg gjerne til fellesskapen, men dette slit på motivasjonen og gleda ved å driva for seg sjølv. Pengane vi betalar i skatt kunne vore brukt til vidareutvikling av verksemda, det kunne gitt fleire arbeidsplassar og truleg høgare skatteinntekter for det offentlege totalt sett. No er resultatet at skatten trugar vedlikehaldet – ein må rett og slett ha høg inntekt for å ha råd å sitja med bygningsmassen, seier han.

Ikkje åleine

Bedriftseigaren veit at han langt frå er åleine – same dilemma gjeld for mange av dei som har same eigar av driftsselskap og bygningar.

- Ein føler seg nærmast fanga i eiga verksemd. Det burde ikkje vore skatt på verksemder som går med underskot. Og når ein dreg i gang ny verksemd burde ein i alle fall slept unna dei første åra, seier han.

- Må fjernast

- Denne skatten må rett og slett fjernast, det same med arveavgift. Dømet frå Manger gjeldt for svært mange landet over. Vi snakkar om folk som i oppstartsfasen ikkje ein gong tek seg ut løn, likevel får dei ei rekning på 76.000 kroner i eigedomsskatt, og nesten det dobbelte i formueskatt. Det er meiningslaust, seier Øyvind Halleraker.

Bedriftene må punga ut med eiendomsskatt og privatpersonar som eig bygningane betalar formuseskatt på verdien av aksjane i bygg og anlegg. Halleraker seier at formueskatt høyrer fortida til, frå den tida det sat nokre få stormenn i kvar bygd.

- Særleg SV, men òg Ap, framstiller dette som ein ”rikingskatt”, sanninga er langt derifrå. Skattlegginga rammar vanlege folk og småverksemder hardt, seier stortingsrepresentanten, sikker på at landet hadde fått auka dei totale skatteinntektene om ein fjerna formueskatten.

- Fordi dei aller fleste som driv slik Fanebust gjer, er gründarar med mange idear og ønske om å skapa noko. Ved å gje rom for investeringar kjem fleire i arbeid, samfunnet ville tent på det, seier han.